Hopp til innhold

Musikalsk høgdepunkt etter ti år

Det svenske punkebandet The Hives har vore på ønskjelista heilt sidan starten av Malakoff Rockfestival i 2003.

Malakoffpublikumet tok i mot både The Hives og Biffy Clyro på ein fantastisk måte, og dei innfridde med faktakstiske konsertar.

– I dag fann vi verkeleg Malakoff-stemninga heilt frå Svelene gjekk på scena til the Hives gjekk av kom høgdepunkta på rekke og rad, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

(Artikkelen held fram under biletet)

Malakoff 2013

FRIVILLIGE: Over 1.000 frivillige har medverka til årets festival.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

8.000 frå klokka 16

Han fekk sjølv innfridd sin musikalske draum med The Hives på scena. Den opplevinga delte han med 10.000 andre publikumararar i eit utsolgt festivalområdet.

Publikumstala er ikkje heilt klare, men ein reknar med at ein kjem opp i kring 20000 publikumarar over to dagar. Malakoff Rockfestival er kjent for å famne om eit breitt publikum der både unge og vaksne får oppleve konsertar i lag.

– Under CC Cowboys-konserten allereie klokka fire var det kring 8000 på området og eit yrande folkeliv. Det såg ut som folk storkosa seg med sola og musikken, seier Naustdal. Han er i full gang med planlegging av neste års festival, vil sjølvsagt ha eit like bra program.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen på Malakoff.

ORDFØRAR: Også Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) hadde teke turen til Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Tekne for narkotika

Med så mykje folk samla på ein stad, er sjansane store for både slagsmål og mykje fyll. Spesielt i nydeleg sommarvêr som det har vore store delar av denne helga.

Politiet på festivalområdet til Malakoff natt til laurdag.

TIL STADES: Politiet på festivalområdet til Malakoff natt til laurdag.

Foto: Simon Solheim / NRK

Men politiet kan ikkje melde om dei heilt store tinga frå festivalen. Natt til søndag vart tre menn og ei kvinne meldt for bruk av narkotika. To menn blir også meldt for ordensforstyrrelse.

Det har også vore fleire tilfelle av promillekøyringar i Eid denne helga, men det er førebels uvisst om desse kan knytast opp mot arrangementet.

Malakoff

FOLKSAMT: Nær 20.000 publikumarar fordelte seg jamt mellom fredag og laurdag.

Foto: Silje Guddal / NRK