Hopp til innhold

Multitalentet er teken ut til EM

Multitalentet Sedrik Engebø Ullebø, førstemann nokon gong som har gått toppidrettslinjer i både langrenn og sykling, er teken ut til junior-EM i landevegsritt.

Sedrik Engebø Ullebø syklar i mål som vinnar på Roserittet

SLO DEI ELDRE: Sedrik Engebø Ullebø sykla her i mål som vinnar under Roserittet i 2014. Sogningen den gong opp ein klasse til junior, men hamla likevel opp med dei eldre utøvarane.

Foto: Karstein Vabø

– Det var deilig. Men eg visste det litt på førehand eigentleg. Trenaren min har god kontakt leiaren for landslaget. Han har sagt at det låg i korta, seier 17-åringen.

Høyangringen er førsteårs junior i år og håpar å bli den laget køyrer for i den småkuperte løypa i Estland neste søndag.

– Mine sjansar kjem an på kven vi køyrer for der nede. Eg har eit lite håp om at det blir meg, og om det blir spurt er eg ganske sikker på det blir meg. Det kjem også litt an på korleis det blir køyrt.

Sedrik Engebø Ullebø viser fram premiesamlinga si

PREMIESAMLING: Premiesamlinga blir stor når du er blant landets beste i både sykling og langrenn i din aldersklasse.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tøff vinter

Engebø Ullebø, som representerer Sogn Cykleklubb, hadde ein tøff vinter i år, då kyssesjuka råka han.

– Det var ei hard tid det. Eg merkar lite no. Av og til kjem det litt tilbake, og eg kjenner at eg er litt sliten. Men det går betre og betre.

Overgangen frå ein ekstremt aktiv kvardag med mykje trening til ei tid der han måtte ta det med ro, gjekk overraskande fint.

– Det var eigentleg ikkje noko vanskeleg. Eg var nesten sikker på at det var kyssesjuka før eg gjekk til legen, så eg var eigentleg berre klar for å ta det roleg.

Sedrik Engebø Ullebø på rulleski heime i Høyanger

HEIME: Her er Sedrik Engebø Ullebø på heimlege trakter før ein rulleskitur i Høyanger.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil toppe forma

Men han ser ut til å ha kome seg. På resultata nyleg er det ikkje noko å seie på forma før meisterskapen. For omlag ein månad sidan gjekk vann han junior-NM i gateritt.

Dei neste dagane skal han jobbe for å vere på topp til EM.

– Vi køyrer opp til Trondheim i morgon for å gjere dei siste førebuingane og toppe forma. Trene hardt i helga og heller sleppe opp litt inn mot neste helg.

Deltaking i EM ville gjort dei fleste fulle av nervar, men Ullebø Engebø nei.

– Eg føler liksom ikkje at det er så stort. Det er eit vanleg sykkelritt.

Talentet har enno ikkje teke stilling til om han held fram på toppidrettslina for langrenn til hausten.