Hopp til innhold

Møtte ulv på hjortejakt

Olav Kåre Rendedal skulle på hjortejakt då han møtte på ulv i Vetlefjorden i Balestrand. Til Sogn Avis fortel Rendedal at ulven kom springande mot han, men bråsnudde då han oppdaga Rendedal. SNO har vore i Vetlefjorden og sett på spora, men kan ikkje seie 100 prosent sikkert at det er ulv. Rendedal fortel at det har vore meldt om sauetap i bygda, og at dei har hatt mistanke om at det kunne vere rovdyr i området.