Hopp til innhold

Stortingspolitikarane møtt av demonstrantar

Næringskomiteen på Stortinget var onsdag i Nordfjord, og då dei kom til Sandane vart dei møtt av demonstrantar frå ulike miljøvernorganisasjonar.

Fjordaksjonen møtte næringskomiteen med demonstrasjon på Sandane.

Dei protesterer mot gruvedeponi i Vevring og ville markere det i samband med at direktøren i gruveselskapet Nordic Mining, som står bak gruveplanane, fekk 20 minuttars taletid for politikarane i dag.

Ei gruppe på åtte demonstrantar samla seg utanfor Gloppen hotell i dag. Med plakatar som leste "La Førdefjorden leve" og "Fjordaksjonen" ville dei vise si misnøye; både med gruveplanane og aleinetida gruveselskapet får.

– Når vi høyrde at Ivar Fossum frå Nordic Mining skulle kome, og at berre ei side fekk snakke, ingen miljøvernarar og ingen frå fiskeindustrien, tenkte vi at då får vi stille oss opp og snakke, seier Gjertrud Øvretveit, fylkesleiar i Natur og Ungdom.

– 77 prosent er mot fjorddeponi

Nordic Mining planlegg gruvedrift i Vevring og deponi i Førdefjorden. Det har vore omstridd. Mellom anna har SV sterkt kritisert at gruveselskapet får aleinetid med stortingspolitikarane. Partiet har meint at også andre næringsinteresser og miljøinteresser burde få tid med representantane frå nasjonalforsamlinga.

Før møtet var leiaren i Natur og Ungdom optimistisk og trudde dei skulle få prate med politikarane. Dei hadde med seg ei lita helsing dei håpte å få framføre.

Gjertrud Øvretveit

MOTSTANDAR: Gjertrud Øvretveit

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg trur det er viktig for dei å hugse at mange er i mot. Ei spørjeundersøking syner at 77 prosent av befolkninga i Noreg er mot fjorddeponi. Berre 10 prosent var klart for deponi, seier Øvretveit.

Spørjeundersøkinga vart utført av Sentio for Nationen i 2012. Organisasjonane som møtte opp på Sandane var der for å vise at deira klare motstand.

– Det er viktig for dei å bli minna på at det er folk som følgjer med på dei, som veit om denne saka, og som ikkje er interessert i eit fjorddeponi i det heile teke, seier Øvretveit

– Industripolitikk frå 40- og 50-talet

På Stortinget har berre SV og Venstre sagt klart nei til fjorddeponi. Eva Vigerust frå Gloppen SV har likevel trua på at dei kan nå fram.

– Ja, all fornuft tilseier at ein finn ei anna løysing. Store ressursar vil verte brukt på å utvinne lite, og resten vert slagg og dumpa. Vi er ikkje mot arbeidsplassane, men forureininga som følgjer, seier Vigerust.

Thorleif Jakobsen er leiar for Naturvernforbundet i Eid, og har jobba med miljøsaker lenge. Han meiner gruvedrift etter planane i Vevring og Førdefjorden er å gå baklengs inn i framtida.

– Denne saka er også viktig internasjonalt. Det set ein standard for korleis gruvedrift skal vere. Nordic Mining ønsker ein type industripolitikk som vart ført på 1940- og 50-talet når kunnskapen om økosystem var eit ukjent omgrep.

– Det er snakk om store mengder som vert dumpa. Og rutil finst andre stader i Sogn og Fjordane enn akkurat i Vevring, seier Jakobsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordaksjonen møtte næringskomiteen med demonstrasjon.

PROTEST: Dei var ikkje mange, men dei representerte fleire organisasjonar då dei protesterte i dag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Nordic Mining avviser kritikken

– I dag var vi først og fremst opptekne av å peike på dei moglegheitene som ligg i å utvikle mineralressursane i Sogn og Fjordane, seier direktør Ivar Fossum i Nordic Mining etter møtet.

Han seier dei er opptekne av at gruvedrifta skal skje på ein miljømessig forsvarleg måte, og han skjønar ikkje kritikken av at Nordic Mining får møte politikarane åleine.

– Slik eg har oppfatta det har veldig mange næringsinteresser fått presentere seg for komiteen i dag.

Avgjerd om gruvedrift venta snart

Store tunge fagmiljø som til dømes Klima- og forrureiningsdirektoratet (Klif), Direktoratet for Naturforvaltning og Havforskingsinstituttet har alle meint at det er for lite kunnskap til at ein kan gå inn for eit sjødeponi.

Men no er ei avgjerd venta snart. I løpet av september vil Nordic Mining kome med ein rapport etter tilleggsundersøkingar Miljøverndepartementet tvinga dei til å gjere i Førdefjorden.

– Vi håpar styresmaktene vil kome med ei avgjerd umiddelbart etter det. Undersøkingane har gjort oss like trygge som tidlegare på at sjødeponi i Førdefjorden er ei miljømessig forsvarleg løysing.

– Vi kan ikkje påverke avgjerda om løyve

Ingrid Heggø

STORTINGSREPRESENTANT: Ingrid Heggø.

Foto: Stortinget

Før besøket var kritikken at gruveselskapet skulle få tid aleine med stortingspolitikarane. Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), som sit i næringskomiteen, svarte at Nordic Mining ikkje skulle snakke om gruveplanane.

– Det har ingenting med Engebø å gjere. Det er faktisk så enkelt at dei skal fortelje kva bruker vi mineral til, og vise at Sogn og Fjordane har enormt mykje ressursar innanfor mineral. Bestillinga går overhovudet ikkje på Engebøfjellet, sa Heggø.

Men store delar av føredraget onsdag handla nettopp om Engebø.

– Det du sa førre veke må vi vel konstatere at berre var tull?

– Nei, det er eg ikkje einig med deg i. Det handla om kva vi kan bruke dette viktige stoffet til. Der trur eg mange fekk seg ei "aha-oppleving": Innanfor solenergi bruker vi dette stoffet for å få meir miljøvenleg energi. Eg tykkjer det er viktig å påpeike. Og det er slik at all industri gir eit avtrykk i miljø, seier Heggø etter møtet.

Ho nektar for at møtet i dag var ein del av Nordic Mining sin prosess opp mot politikarane for å få løyve til å starte arbeidet.

– Nei, dette ligg ikkje på næringskomiteen sitt bord, men miljøverndepartementet. Det skal ikkje opp i Stortinget. Det er å skyte langt over mål å seie at vi kan påverke det på den måten.

Meiner kritikarane bommar

Heggø skyt i staden tilbake på kritikarane.

For ein rapport utarbeidd av SINTEF for Sunnfjord Næringsutvikling AS viser at Nordic Mining vil sysselsetje 170 personar i sjølve gruvedrifta. Vidare vil mineralindustrien skape 300 arbeidsplassar innan 2017.

– Det er å lage ei fjør til fem høns, for å seie det mildt. Vi i næringskomiteen må vere opptekne av å skape nye arbeidsplassar og sjå moglegheitene. Sogn og Fjordane har fantastiske ressursar, også innanfor mineral.

Venstre framleis uroa

Pål Farstad

FRAMLEIS SKEPTISK: Pål Farstad som sit på Stortinget for Venstre.

Foto: Terje Reite / NRK

Pål Farstad som sit i næringskomiteen for Venstre, partiet som saman med SV er mot gruvedrift i Engebøfjellet.

Til trass for at Fossum og Nordic Mining i dag fortalde om at mineralet kan skape arbeidsplassar, og er verdifullt innanfor sektorane helse, samferdsle og miljø, var ikkje Farstad meir positiv til gruveplanane etter møtet.

– Vi har fått høyre at mineralet har mange positive sider, men samtidig – og det kunne eg ikkje la vere å spørje Fossum om – kva med dei negative sidene?

Han nemner kontroversane som har vore, oppdrettsnæringa og anna aktivitet som er heilt avhengig av rein sjø.

– Det ligg til oss i næringskomiteen: Å vere opptatt også av anna næringsverksemd. Vi er opptekne av kunnskap om dette, men vi har sett andre stader at, mellom anna i Finnmark, at det har vore brester i deponi, som gjer at vi er uroa, seier Farstad.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

KAMP FOR ELLER IMOT: Det er mange som har meiningar om det skal bli eit sjødeponi i Førdefjorden i samband med ei eventuell gruvedrift.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining