Hopp til innhold

Møte etter svikt i naudsamband

Aurland kommune og Statens vegvesen skal ha eit møte etter at naudsambandet i Lærdalstunnelen skal ha svikta i førre veke.

Arvid Gilje/Lærdalstunnelen (montasje)

UROA: Brannsjef Arvid Gilje forventar no hyppigare kontrollar av naudsambandet i verdas lengste kontroll.

Foto: Vidar Gudvangen/Arne Stubhaug / NRK

Midt i verdas lengste tunnel tok ein semitrailer fyr måndag kveld. Brannsjef Arvid Gilje i Aurland seier brannmennene mista kontakten med dei andre naudetatane under sløkkingsarbeidet.

– Dette er ein svært alvorleg svikt, seier brannsjef Arvid Gilje i Aurland.

Ingen kom til skade, men traileren fekk store skadar. E16 var stengd i vel ein time på grunn av brannen.

Vil ha hyppigare kontrollar

Brannsjefen forventar no at Statens vegvesen innfører hyppigare kontrollar.

– Det er viktig å ha fokus på tryggleik og rutinar. I tillegg vil eg setje søkjelyset på kor ofte naudsambandet blir kontrollert. Vi må ha hyppige kontrollar for å vere sikre på at alt fungerer, seier Gilje.

Han seier at heller ikkje mobiltelefonen fungerte. Gilje fortel at han måtte flytte på seg for å få kontakt med 110.

– Naudsambandet i tunnelen er testa i ettertid og det fungerer no. Men når det ikkje fungerer når det brenn, så får vi ikkje den bistanden vi treng, seier Gilje.

Vil gå gjennom feilkjeldene

Prosjektleiar Per Ove Fossheim i Statens vegvesen seier det er viktig med dialog for å finne ut kva problemet ligg.

– Systemet var testa og funne i orden 7. april. Det blei tests på nytt rett etter brannen. Vi fann ikkje nokon feil då heller, seier Fossheim.

Han seier vegvesenet har sine prosedyrar for å teste utstyret og at dei er interesserte i å finne ut kvar feilen var.

– Naudetaten er brukarar av systemet og Statens vegvesen er eigaren av naudsambandet. Vi har sjekka ut vårt system og funne det i orden. No må vi finne ut kvifor kommunikasjonen ikkje fungerte og kvar feilkjelda ligg, seier han.

Semitrailer i brann i Lærdalstunnelen

STORE SKADER: Semitraileren fekk store skader i brannen, men til alt hell kom ingen personar til skade.

Foto: Arvid Gilje