Hopp til innhold

Helga og Rune klare for motbakkefest i tunet – for tiande gong

FEIOS (NRK): Midt i våronna har Helga og Rune Lunde i ti år opna garden sin for Vidasete Opp. Utan ekteparet på Lunde og alle dei andre i Feios som arbeider dugnad, hadde motbakkeløpet som har tiårsjubileum på søndag, vore uråd å arrangera.

Helga og Rune Lunde

FULLT GARDSTUN: – Vidasete Opp er som 17. mai og jul på same tid, seier Helga og Rune Lunde, her med barnebarnet Anna på armen.

Foto: Noralv Pedersen/privat

– Det er litt spesielt å få 300 menneske inn på gardstunet sitt ein søndag i juli, men me tykkjer det er skikkeleg skjekt, seier Rune Lunde, som driv høgdegarden Lunde i Feios, der startskotet og premieutdelinga for motbakkeløpet Vidasete Opp har funne stad dei siste ti åra.

– Då er det fullt sjog her. I forkant må me rydda gardstunet vårt, for det er midt i våronna. Men me er ein fin gjeng, som hjelper til å ordna opp att etter løpet.

Ann Kristin Aafedt Flatland
Foto: Kari Samland

Ryddar renningane

Kona Helga Lunde gjer eit stort arbeid for å hindra attgroing i motbakketraseen. I mange år har ho rydda granrenningar langs løypa, slik at det ikkje gror att. Å få gardstunet fullt av folk set ho stor pris på:

– Det er nesten som 17. mai og julekvelden på same tid.

Før motbakkeløpet på søndag har ljåen og kantklipparen vore flittig i bruk, og tunet er uvanleg ryddig til midt i våronna å vera.

– Me byrjar å tenkja på det allereie i mai, slik at det ikkje skal koma så bust på, smiler Lunde.

Halve bygda med på dugnad

– Kva skulle me ha gjort utan Helga og Rune, spør Monica Feidje Midlang i Feios idrettslag, som skipar til Vidasete Opp:

Monica Feidje Midlang og Gunnar Grindedal

MOTBAKKELØP FOR ALLE: – Vidasete Opp skal vera kjekt for unge og gamle, sprekingar og folk som er dårlege til beins, seier Monica Feidje Midlang og Gunnar Grindedal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Gamlestova står med opne dører, på uteområdet får me gjera kva me vil, og låveveggen peprar me med sponsorreklame; dei støttar oss i alt me gjer.

Utanom ekteparet på Lunde mønstrar store delar av Feios til dugnad. Skulemusikken har kafeen, og mannskapslista tel femti menneske, og det i ei bygd med eit par hundre innbyggjarar.

– Me er stolte over å få til eit slikt arrangementet, seier Midlang.

– Kva har det å seia for miljøet i bygda?

– Feios er litt kjent for å ha eit godt samhald. Alle vil at me skal lukkast og kjenner litt eigarskap til løpet. Men me har òg utanbygds hjelp: Me er veldig glade for å ha med oss speakeren vår, Halvor Flatland frå Vangsnes.

Tidleg ute

I 2002 var det tre motbakkeløp i landet, ti år seinare var talet langt over 150. Vidasete Opp var tidleg ute i motbakketrenden.

Start, Vidasete Opp

TIDLEG UTE: Frå starten av Vidasete Opp 2012, med løyperekordhaldarane Øyvind Heiberg Sundby (høgre framme, startnummer 15) og Therese Sjursen (midten, startnummer 24).

Foto: Gunnar Grindedal

Ein av dei som har vore med sidan starten i 2006, er løpsleiar Gunnar Grindedal, som har denne forklaringa på veksten:

– Du kjem ut i naturen, kan nyta fin utsikt, og så er det god trim.

Mange motbakkeløp i år har slite på grunn av mykje snø i fjellet.

– Me har vore temmeleg nervøse og har måtta kalka ein del plassar, og det har hjelpt mykje. Så me har vore mykje heldigare enn til dømes Storehaugen Opp og Molden Opp.

Ti år med Vidasete Opp skildrar Grindedal slik:

– Me er kjempenøgde og håpar me skal klara nokre år til.