Hopp til innhold

Morell-sesongen over tre veker før tida

Tre veker før normalt går morellsesongen i Lærdal mot slutten. Årsaka er den varme sommaren.

Moreller i Lærdal

SNART SLUTT: Sol og varme har skunda fram sesongen og difor er morellsesongen snart over i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Mark Brooks

MINDRE AVLING: Mark Brooks i Lærdal Grønt seier det er produsert om lag 100 tonn mindre enn det kunne vore.

Foto: NRK

Medan pakkeriet til vanleg opnar kring 1. august, blir sesongens siste pakkedag truleg i løpet av helga. Skal du få nyte nokon av dei raude freistingane frå Lærdal, må du vere om deg.

– Den ekstreme varmen har drive fram morellane i rekordfart. Dei siste blir pakka rett over helga og så er sesongen over for Lærdal sin del, seier, seier Mark Brooks i Lærdal Grønt.

I fjor fekk dei rekordavlingar, men slik blir det ikkje i år. Samstundes som sol og varme har skunda fram sesongen, gjorde tidleg nattefrost stor skade på morellavlinga.

Enkelte hagar fekk store skadar på grunn av frosten som kom natt til 1. mai.

– Vi kjem til å få ein avgrensa produksjon på litt over 150 tonn. Vi har plantar i Lærdal som tilseier at vi kunne levere 250–300 tonn, seier Brooks.