– Det var eit enormt lysglimt og det small og braka. Eg må innrømme at eg trudde huset rasa saman, fortel Hals.
Klokka hadde så vidt passert 21.30 då ragnarok braut laus like utanfor stoveglaset til familien sitt rekkehus i Ytreåstunet i Førde.
LES OGSÅ:
13 bustader fekk store skadar på det elektriske anlegget, og er førebels fråkopla straumnettet etter at lynet slo ned. To av bustadene fekk så store skader at bebuarane måtte finne anna innkvartering for natta.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Bilete og spegel ramla ned frå veggene
Inne hos familien Hals ramla bilete ned frå veggane, og truleg har inngangsdøra fått skadar. Dei er likevel blant dei heldigare.
– Vi skal ta ein gjennomgang no. Førebels er det knuste bilete og spegel som har falle ned. Vi går her og trakkar i glasbrot. Heldigvis ikkje personskade, sett bort frå eit kutt i foten, seier Hals.
Fanga lynet på video
Ikkje langt frå familien Hals, i Innlegda, hadde Harald Halvorsen utstyrt seg med videokamera for å fange torevêret.
– Eg hadde videokamera ståande i verandadøra. Håpet var å fange lynet på film, men eg hadde vel gitt opp og var i ferd med å skulle ta ned kamera då det small, fortel Halvorsen til NRK.no.
Og small gjorde det.
– Eg ramla nærmast på alle fire. Det var kraftig. Eg har aldri opplevd maken.
(Artikkelen held fram under biletet.)
– Skremmande og overraskande
Lenger oppe i gata bur familien Hals like ved furutreet der lynet slo ned. Frå stovevindauget kan ein sjå kreftene som har vore i sving.
– Det var litt skremmande. Det kom veldig overraskande. Treet såg ut som om nokon hadde kutta av ein del, og det var jord overalt som hadde blitt kasta rundt, fortel son i huset, Jonas Hals.
Like ved såg han flammar som følgde elektriske kablar i bakken.
– Det lyste opp akkurat i det lynet slo ned.
Slapp unna dei verste skadane
Skremt vart også familiens to kattar.
– Eg måtte leite etter kattane. Det var skummelt for dei og.
– Kva tenkjer du om slike enorme krefter?
– Det er enormt skremmande kva krefter som er i lyn og torden. Men så vidt vi kan sjå er ingen elektronikk øydelagt, seier Sissel Karin Hals.
Ifølgje Sunnfjord Energi var fleire tusen abonnentar utan straum etter lynnedslaget. Familien Hals var heldig og fekk lys att i lampene to timar etter lynnedslaget.