Hopp til innhold

Mor og barn sendt til sjukehus etter ulykke

Ein personbil har køyrt av vegen ved Barmsundet i Selje. Ei mor med eit barn på tre år er sendt med luftambulanse til Ålesund.

Barmsundet

Ulykka skal ha skjedd på fylkesveg 618. Det vart først sendt ut ambulanse til staden ofr kontroll av personane. Klokka 13.32 vart luftambulanse tilkalla frå Ålesund.

– Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert i ulykka, opplyser Inge Værøy ved politiet sin operasjonssentral.

Bilen skal ha fått skrens og hamna i ein fjellnabb på oppsida av vegen like ved ferjekaia til Barmen.

Ein mor og eit barn på tre år var i bilen og er no sendt med luftambulansen til Ålesund sjukehus. Skadeomfanget er førebels ukjent.

Politiet er no på staden for å gjere undersøkingar. Saka vert vidare etterforska ved Vågsøy lensmannskontor.