Hopp til innhold

Mista to av venene sine på same tid - no fortel dei om tida etter

Dei to Førdejentene Marte Kristine Flaten og Sunniva Thingnes Leira mista to av venene sine i ei trafikkulukke i Kenya i februar. – Det har vore mange tunge stunder, fortel dei om tida etterpå.

Overlevde bussulukke i Kenya

SER FRAMOVER: Etter nokre tunge veker med sorg over dei omkomne venene ser no Marte Kristine Flaten (til venstre) og Sunniva Thingnes Leira framover.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Onsdag fortalde dei to jentene si historie til Firda. Seinare møtte NRK dei på påskeleir på Nesholmen.

Det har gått sju veker sidan ulukka i Kenya, der to av medelevane deira på Valdres folkehøgskule omkom då ein lastebil kom over i deira køyrefelt. No fortel dei om tida etter.

– Skjønte raskt alvoret

Det heile starta då dei var på veg tilbake til Nairobi etter ein fjelltur. Ein lastebil skulle køyre forbi ein personbil og rakk akkurat ikkje å trekkje seg tilbake til sitt felt. Føraren mista kontroll og trefte fronten på ein av dei tre bussane til folkehøgskulen. Der sat blant andre Marte Kristine Flaten frå Førde.

– Eg hugsar veldig lite, berre at eg vakna opp og fort skjønte at det hadde vore ein kollisjon, fortel Marte Kristine.

– Det strøymde mykje folk til som knuste rutene og opna taket og drog oss ut. Så vart vi frakta til sjukehus, fortel ho vidare.

For Marte vart resultatet av kollisjonen ein knekt arm, ei knekt nase og eit kutt på leggen. Sunniva Thingnes Leira kom i bussen etter. Ho såg ikkje sjølve kollisjonen, men at ein bil var velta.

– Vi håpte at det ikkje var vår buss, men vi skjønte ganske raskt alvoret i det.

(Saka held fram under biletet)

Bussen som var involvert i ulukka i Kenya

KOLLIDERTE: Lastebilen som køyrde over i motsett køyrefelt gjorde store skader på både bussen og elevane om bord.

Foto: Ap Photo

Mange timar med venting

Det vart mange timar med venting på sjukehuset for elevane som ikkje var med i ulukkesbussen.

– Vi sat under eit tre og venta og visste eigentleg ikkje heilt korleis folk hadde det. Men vi tenkte at det einaste vi kunne gjere var å vere tolmodige. Så fekk vi etter kvart beskjedane, seier Sunniva.

Dei mista to av sine medelevar, og i tillegg omkom bussjåføren.

– Det var veldig sterkt å få den nyheita. Det var heilt forferdeleg, fortel ho.

Same kvelden fortalde læraren deira om kva som hadde skjedd.

– Vi hadde kanskje innsett det litt før, for alle overlevande vart samla på eit rom, og då mangla berre Mia og Simen, så ein begynte å lage seg tankar sjølv om ein ikkje heilt ville tru på det. Då vi fekk vite det kjende vi oss eigentleg ganske tomme, fortel Marte Kristine.

Fellesskapet har betydd mykje

Stille ved Valdres folkehøgskole i dag.

SNART FERDIGE: Etter påske har Marte og Sunniva berre tre veker att her på Valdres folkehøgskule.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

I tida etter har det skjedd mykje, fortel Marte Kristine.

– Vi er ganske slitne etter påkjenninga og har ikkje orka så mykje. Det har vore mykje variasjon i humøret. Vi har vore triste og leie, men det har også vore rom for å vere positive.

Også Sunniva fortel om ei tid som har gått i bølgjer. Ho meiner fellesskapet på skulen har betydd mykje for dei alle.

– Det har vore mange tunge stunder, men vi har også klart å ha gode stunder saman. Vi har eit veldig godt fellesskap på skulen, så det trur eg har vore ei veldig god støtte for mange, men det pregar oss, det gjer det. Så vi merkar det kvar dag, men eg synest vi har vore flinke til å stå saman.

– Godt å ikkje vere åleine

Dei har teke seg tid til å gå tilbake til det normale, og seier at det på skulen har vore lov til å vere både lei seg, sinte og glade.

– Vi har ei felles oppleving av det som har skjedd, og det trur eg betyr mykje. Alle har kjent på tapet, og det trur eg det er godt å ikkje vere åleine om, seier Sunniva.

Etter påska har dei tre veker att på skulen før dei reiser til kvar sin kant.

– Det vert spesielt og trist å forlate folk ein har blitt så godt kjend med. Det skal bli spennande å sjå korleis ei slik ulukke vil prege i ettertid når det ikkje er like mange rundt ein som forstår kva ein har vore gjennom, seier Marte Kristine.

– Eg trur vi vil ha kontakt, men at det vil bli mindre og mindre etter kvart.