Mista lappen i 60-sona

Ein bilførar mista lappen då UP tok stand langs E16 ved Tønjum i Lærdal.

Utrykkingspolitiet gjennomførde utover ettermiddag og kveld både ruskontroll og fartskontroll i Lærdal.

Medan ingen av dei 75 kontrollerte bilførarane fekk utslag på utandingsprøva, vart tre bilistar målt til for høg fart i ei 60-sone. Ein bilførar fekk også førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon.

Eine bilisten hadde så høg fart at politiet tok beslag i førarkortet. Vedkommande vart målt til 95 kmt/t..

Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.
Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.