Hopp til innhold

Nekta å fjerne protestskilt - då mista han leigekontrakten

Flåm Utvikling innrømmer at dei sa opp leigekontrakt for hyblar hos Torstein Fretheim fordi han openlyst protesterer mot cruisetrafikken.

Torstein Fretheim

PLAGSAMT SKILT: 'No grande navi' står det på skiltet Torstein Fretheim har hengt opp i hagen. Dette slagordet kjem frå cruiseprotestar i Venezia.

Foto: Torstein Fretheim

– Om det kjem ut at Flåm Utvikling leiger hos nokon som har slike skilt ute, så vil ikkje vi vere med på den karusellen, seier driftssjef i Flåm Utvikling, Alf-Sigurd Strømsnes til Bergens Tidende.

Fretheim sende nyleg eit brev til Aurland kommune der han i harde ordelag fortel om korleis han opplevde at Flåm Utvikling sa opp hyblane dei leiger til sommarvikarar i Flåm.

– Eg blir forsøkt knebla for meiningane mine, og straffa når eg ikkje går med på
det, skriv Fretheim i brevet til kommunen.

Han vil sjølv ikkje uttale seg til media, men syner til brevet han har skrive.

Torstein Fretheim er sonen til Anders Fretheim, som dei siste vekene har stått fram som talsmann for dei som protesterer mot auka cruisetrafikk til Flåm. Han står også bak høyballane som med tekst gjev tydelege beskjedar til både turistar og andre i bygda.

Leiinga sa opp kontrakten

– Frustrasjonen har bygd seg opp over fleire år, og det er ikkje noko magemål på kor mange ein skal ta i mot. Det handlar berre om å ta i mot absolutt alt og setje ny rekord på Flåmsbana, så er man lukkelege, sa Anders Fretheim til NRK nyleg.

Alf-Sigurd Strømsnes i Flåm Utvikling, seier til Bergens Tidende at dei ikkje har noko i mot at folk har sterke meiningar.

– Men vi kan ikkje stå inne for måten dei blir uttrykt på, seier han, og understrekar at avgjersla om å seie opp leigekontrakten blei teken av ei samla leiing i selskapet, seier Strømsnes til BT.

Føler han blir straffa

I brevet Torstein Fretheim har skrive til Aurland kommune, som også NRK har fått tilgang på, peikar han på at både Aurland kommune og Aurland Sparebank er eigarar av Flåm Utvikling.

– Eg opplever at eg blir straffa fordi eg er sonen til far min. Eg blir straffa fordi eg set opp eit skilt, storleik A-4, skriv Fretheim i brevet.