Vogntog fekk køyreforbod - KØYREFORBOD: Trekkvogna til høgre fekk køyreforbod etter at det vart avdekka alvorlege bremsemanglar fredag. - Foto: Oddleif Løset / NRK

KØYREFORBOD: Trekkvogna til høgre fekk køyreforbod etter at det vart avdekka alvorlege bremsemanglar fredag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vogntog på 40 tonn mista bremseskive under kontroll

– Først høyrde vi knekkelydar, så small delane utover golvet. Eg har aldri sett maken, fortel Geir Leon Hetle om trekkvogna han kontrollerte fredag.

For då den kroatiske vogntoget fekk kontrollert bremsene, ramla like godt heile bremseskiva på venstre hjul på drivakslingen av.

Skiva vart knust i fleire store og mindre bitar. Delar som ikkje small utover golvet, vart liggjande att i felgen.

– Dette kunne like gjerne skjedd under ein naudbrems kvar som helst. Sidan det var på venstre dekk, hadde nok vogntoget skeina inn i vegen og i 80 kilometer i timen så kan ein berre tenke seg kor katastrofalt det kunne blitt, seier Hetle.

– Skjønte alvoret

Hetle har i mange år jobba ved trafikkstasjonen i Førde, og under storkontrollen fredag og laurdag fekk han sjå noko av det verste han har sett når det kjem til bremsemanglar.

Bremseskive delte seg i fleire deler - HEIL: Denne bremseskiva skulle vore heil ... - Foto: Statens vegvesen /

HEIL: Denne bremseskiva skulle vore heil ...

Foto: Statens vegvesen

Det kring 40 tonn tunge vogntoget var lasta med stålkonstruksjonar på semitralla. No har den fått køyreforbod til alt er reparert. Bremsesjekken måtte avbrytast, så det er uvisst korleis tilstanden var på dei andre hjula.

– Føraren var svært ulukkeleg. Han skjønte alvoret, og eg trur oppriktig at han ikkje visste kva han køyrde rundt med, seier Hetle.

Dåreleg på hengaren

Ifølgje norske reglar er det til sjuande og sist uansett føraren som har ansvar for køyretyet som han til ei kvar tid køyrer rundt i.

Heller ikkje tilhengaren hadde gode nok bremse for lasta. I tillegg til å reparere bremsemanglane, må han reparere bremsene på tralla før han får køyre ut av landet med last.

– Bremsene var ikkje verre enn at han kan køyre tom ut av landet, fortel Hetle.

– Låg i bitar

Bremseskiva delte seg i fleire delar under kontrollen. - DELAR: Små og større bitar av bremseskiva vart liggjande att i felgen. - Foto: Statens vegvesen /

DELAR: Små og større bitar av bremseskiva vart liggjande att i felgen.

Foto: Statens vegvesen

Vogntoget var mellom 95 tunge køyrety som denne helga vart kontrollert i Førde og på riksveg 5 mellom Førde og Florø. Tre køyrety fekk køyreforbod på grunn av dårleg sikra last. Eitt vogntog vart avskilta, medan to førarar vart meld for feil ved fartsskrivar.

Ved trafikkstasjonen i Førde kom dei over det desidert verste tilfelle då den kroatiske semitraileren trilla inn med livsfarlege bremser.

– Skiva ramla ut frå felgen og låg i bitar på golvet i kontrollhallen. Den hadde nok vore sprekt i lengre tid, og ikkje tolte belastninga då vi tok bremserullprøvaren, seier Svein Arne Henjesand.

Slett vedlikehald

Dette utstyret avslører dårlege bremser. - AVDEKKA: Dette utstyret avslører om vogntog har dårlege bremser. - Foto: Statens Vegvesen /

AVDEKKA: Dette utstyret avslører om vogntog har dårlege bremser.

Foto: Statens Vegvesen

Henjesand fortel belastninga var på langt nær så stor som eit fullasta vogntog får ute på vegen ved ei kraftig oppbremsing.

Feilen vart delvis avdekka då trafikkstasjonen for første gang brukte eit varmesøkande kamera som avslører temperaturskilnader på hjula.

– Sprekker kan oppstå over tid, men slikt blir avdekka ved normalt vedlikehald. Slikt tyder rett og slett på slett vedlikehald. Sprekkane blir fleire og fleire og større og større ettersom tida går, og til slutt smell det, seier Henjesand.

Hadde ikkje hatt sjanse

No må føraren bu seg på titusenvis av kroner i reparasjonar før han får køyre vidare. Ved trafikkstasjonen i Førde er dei svært glade for at dei fekk luka ut det trafikkfarlege vogntoget.

– Slike køyrety skal vi ikkje ha på vegen. Med tanke på tryggleiken er det skremmande å oppdage slike manglar. Tenk ved ein naudsituasjon der han måtte ha naudbremsa. Han hadde måka rett over, seier Henjesand.

Ikkje ofte

I fjor vart eit norsk vogntog stogga med seks blankslitte dekk - og med farleg gods. Henjesand seier det ikkje er ofte dei kjem over så graverande feil og manglar.

– Heldigvis. Men dei dukkar opp i ny og ne, og når du kjem over dei så gjer det til at du føler at kontrollane du driv med elles i året er veldig naudsynte, seier han.

– Dei aller fleste innfinner seg stort sett med pålegga og får reparert feilen, legg han til.

Mykje tull med forsikring

Fredag og laurdag kontrollerte Statens vegvesen også 2.814 bilar for bruk av bilbelte og verneutstyr. Ti bilførarar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Av 1.306 bilar kontrollerte ved kjennemerke gjengkjenning, vart fem bilar avskilta. I alt avdekka dei 25 begjæringar.

– Det er overraskande mykje tull med forsikringar, og dersom ein ikkje får ordna opp på staden med forsikringsselskapet så blir bilen avskilta, seier Henjesand.

Cruisenæringa har ført til protestar frå lokalbefolkinga i Flåm.
Den svenske bussjåføren som i Sogn tingrett blei dømt for aktlaust bildrap etter Fardalulykka - har fått avvist anken sin.
Anken blei avvist fordi bussjåføren ikkje sendte inn korrekte dokument i tide - og dermed kan dommen på 5 månaders fengsel bli ståande.
Med fantastisk vêr og god temperatur i vatnet hopar det seg opp på strendene rundt om på Vestlandet. Det gir god plass til dei få som vel å kome til badelanda, som nesten står tomme. Det gir også lite pengar i kassen for dei som driv innandørs badeland.