– Det som er sagt er at bilen har mista bremsene, men vi kjenner ikkje detaljane i dette før saka er etterforska og bilen har gjennomgått tekniske undersøkingar, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Svein Rød.
Skjedde i andre svingen
Kvinna kom køyrande på fylkesveg 13 over Rørvikfjellet i retning Holsen, då ulykka skal ha skjedd.
– Bilen skal ha floge i lufta før han landa i ei snøfonn, men kor langt bilen for, veit eg ikkje. Ulykka skjedde i andre svingen på nedtur mot vest, seier Rød.
Han stadfestar at bilen er teken inn for tekniske undersøkingar.
Har floge langt
Førde Bilberging kom for å berge bilen, og bergingsmannen såg raskt at bilen hadde hatt ei luftig ferd før han landa i snøfonna.
– Vår mann på staden fortel at bilen truleg har floge 17 meter gjennom lufta før han landa. Det må ha vore ei svært skremmande oppleving, seier dagleg leiar i Førde Bilberging, Arild Tistel.
Kvinna vart send til Førde sentralsjukehus med ambulanse for legesjekk.
I 21.30-tida får NRK.no opplyst at kvinna er lettare skadd og overført til vanleg avdeling.