Hyrdo Årdal Metallverk 2009 - UNDERSKOT: Hydro Årdal Metallverk i Øvre Årdal. - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

UNDERSKOT: Hydro Årdal Metallverk i Øvre Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Minustal for Hydro-verka

Nedgang i prisane på aluminium gjer at Hydro-bedriftene i Årdal og Høyanger gjekk med underskot i første kvartal.

Hydro Årdal Metallverk hadde eit underskot på ni millionar, Hydro Høyanger Metallverk hadde ein million i underskot.

Til samanlikning hadde verket i Årdal eit overskot på 118 millionar kroner og verket i Høyanger eit overskot på 32 millionar kroner i første kvartal i fjor.

Ikkje overraskande

For fabrikksjef Arne Werge Olsen ved Hydro Årdal metallverk kjem ikkje minustala overraskande.

– Både metallprisen og dollarkursen er vesentleg dårlegare enn på same tid i fjor, så dette er som venta.

I første kvartal i fjor var prisen på aluminium 13.444 kroner pr tonn. I år var prisen 12.189 kroner tonnet. På den andre sida har Hydro fått råstoffet til lågare prisar, det har medverka til å redusere underskotet.

– Ikkje bekymra

– Korleis vil dette resultatet påverke drifta?

– Vi held fram med det vi har gjort dei siste åra, vi har arbeidd for å få ned kostnadene og auka produktiviteten, og det har vi lukkast med. Dei tre-fire siste åra er produktiviteten auka med over 30 prosent. Det gjer at vi står mykje støare enn vi gjorde for to år sidan.

– Det at de no leverer minustal, gir det grunn til uro for den norske aluminiumindustrien?

– Nei, eg er ikkje bekymra for det.

Likevel rekordproduksjon

Trass i at det er dårlegare tider sette Høyanger Metallverk produksjonsrekord både i elektrolysen og i støyperiet. Elektrolysen i Høyanger produserte 15.620 tonn aluminium i første kvartal. I Årdal vart det produsert 47.666 tonn flytande metall.

Hydro Høyanger Metallverk sett frå Høgebakkane - PRODUKSJONSREKORD: Hydro Høyanger Metallverk sette rekord i første kvartal. - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

PRODUKSJONSREKORD: Hydro Høyanger Metallverk sette rekord i første kvartal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.