Hopp til innhold

Minnesider for dei drepne vert misbrukte - familiane fortvilar over rasistiske ytringar

I sosiale medium er det oppretta fleire sider til minne om dei drepne på Valdresekspressen i Årdal, men fleire av dei blir misbrukte til rasistiske ytringar.

Skjermdump minneside Margaret Molland Sanden

TIL MINNE: Sjølv om denne minnesida er opprette til minne om Margaret Molland Sanden, kjem det også ein del rasistiske ytringar på sida.

Foto: skjermdump Facebook

Erlend Herstad er ein av dei som trykte liker på ei minneside i den tru ho var for å heidre den drepne Margaret Molland Sanden (19) frå Årdalstangen.

– Eg trykte liker på denne sida utan å gå noko inn i innhaldet på denne sida, men eg vart jo merksam på at her var det kanskje noko tull, fortel Herstad til NRK.no.

Etter trippeldrapa i Årdal vart det raskt oppretta sider på Facebook til minne om dei drepne.

Rasistiske

Ei side heiter «Til minne om Margaret Molland Sanden» og er smykka ut av eit bilete av henne og tente lys. Over 81.000 personar har trykt «liker» på denne sida.

Men mellom kondolansane til familien kjem fleire rasistiske ytringar.

«Jeg blir sint og lei meg, og igjen flau over politikken vår! Som Igjen har tatt uskyldige liv ...!»

«Send vedkommende gjerningsmann ut av landet og la han få sin straff i sitt hjemland.»

«Nok en gang har vi sett myndighetenes uberipelige naive håndtering av asylsøkere.»

Bør tenkje seg om

Herstad meiner at folk ikkje veit kva dei er med på når dei trykker «liker» på slike sider.

– Folk må gjerne trykke liker på det dei vil, men ein bør reflektere litt over det når det gjeld slike saker som er litt konfliktfylte, seier Herstad.

Han meiner ein ikkje bør bruke ei enkeltståande tragedie og ein enkeltståande person som har gått bort til å blusse opp enda meir.

– Det er ikkje å lyse fred over nokon, seier han.

Mislikar misbruket

Talsmannen til familien til Margaret Molland Sanden, Per Kristian Pedersen, seier ingen har kontakta han eller familien om løyve til å opprette ei slik side.

Familien mislikar sterkt at drapet på dottera vert misbrukt i rasistiske ytringar.

– Det er heilt stikk i strid med familien si haldning til saka og har ikkje vore fokus i det heile. Det er sterkt beklageleg at desse får sleppe til med slike ytringar, seier Pedersen.

Han oppmodar til respekt for familien og ikkje kjem med slike ytringar.

– At folk uttrykkjer si medkjensle og sorg er ok, men eigentleg synest eg at ein burde ha avklara med familien før ein opprettar slike minnesider, seier Pedersen.

– Så familien ønskjer ikkje at rasisme skal bli knytt opp mot drapet på Margaret?

– Nei, det ønskjer dei ikkje, seier Pedersen.