Hopp til innhold

Utbytet var magert, men erstatningskravet stort

Erstatningskravet på 211.000 kroner stod ikkje i stil med utbytet sunnfjordingen sat att med etter sine nattlege «handleturar». No er han dømd til samfunnsstraff.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Dei mange innbrota og tjuveria gav ikkje sunnfjordingen stort utbyte. Stort vart derimot erstatningskravet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I løpet av fire månader i fjor gjorde mannen seg skuldig i 15 lovbrot. No må han gjennomføre 150 timar samfunnsstraff, eller sone fem månader i fengsel.

Skadeverk og tjuveri

Det var i 19. april i fjor at Florø byrja å få hyppige innbrot og tjuveri frå butikkar. I løpet av kort tid tok mannen i 20-åra seg fire gongar inn i ein og same Rema 1000-butikk, der han forsynte seg med øl og sjokolade.

Ein femte butikk stal han frå, medan han utførte skadeverk på ein sjette. Han utførte også skadeverk på to bilar, der han mellom anna tømde eit brannsløkkingsapparat i den eine.

Mannen vart også teken med 104 rivotriltablettar, 20 blåvaliumtabletter og 1,7 gram amfetamin. Overfor politiet erkjende alt saman, samt bruk av narkotika og kjøp av 72 rivotriltablettar.

211.000 i erstatning

Av allmennpreventive omsyn fann retten det naudsynt å reagere streng på butikkraida, sjølv om utbytet var «bagatellmessig».

Retten sa seg samd i at fem månader fengsel utan vilkår var ei passande straff, og at mannen på grunn av rehabiliteringssituasjonen kunne gjennomføre straffa ved 150 timar samfunnsstraff.

Sunnfjordingen må i tillegg betale totalt 211.000 kroner i erstatning til sju fornærma partar i saka.