Hopp til innhold

Mindreårig jente teken med fleire hundre brukardoser

Ei mindreårig jente blei teken med opp mot 500 brukardosar med MDMA. Den unge alderen og det store beslaget skremmer politiet.

Wenke Hope, politiet i Florø

UROA FOR UTVIKLINGA: Politiet ser ein auke i bruk av syntetiske stoff blant unge. Det gjer at stasjonssjef ved Florø politistasjon, Wenke Hope, vert uroa.

Foto: Politiet

På laurdag troppa politiet opp på ein privatfest i Florø etter mistanke om at det blei brukt narkotika. Ein politihund fann hasj og brukarutstyr. På festen var det fleire mindreårige jenter samla, og det blei funne mellom 70 og 100 brukardosar med det narkotiske stoffet MDMA. Det var Firdaposten som først omtalte saka.

Etter funnet på privatfesten valde politiet å ransake heimen til jenta. I bustaden fann dei mellom 200 og 400 brukardosar av det same stoffet.

– Her er det snakk om eit stort beslag på nesten 500 brukardosar. Det er første gongen vi har gjort eit så stort beslag hos nokon som er mindreårige, seier Wenke Hope, som er stasjonssjef ved Florø politistasjon.

Det store beslaget gjer at politiet mistenkjer sal av narkotika.

– Når det er snakk om desse mengdene, så er det naturleg å tru at det skulle bli seld vidare, seier Hope.

Ransakinga gjorde at politiet bestemte seg for å rykke ut til ein annan fest i Florø same kvelden. Her blei to personar tekne med narkotika.

– Dette er skremmande. Det er ungdomar på festane som ikkje brukar narkotika, men som heller ikkje reagerer på at andre bruker det, seier Hope.

Slår alarm etter fleire narkofunn

Ei undersøking utført av Norstat viser at 15 prosent av unge i Noreg mellom 18 og 30 år har fått tilbod om MDMA. Legevakta i Drammensregionen åtvara før jul om at dei kvar veke hadde nye tilfelle med overdosar.

Helse- og omsorgsdepartementet seier dei ser ein auke av nye, syntetiske stoff som ungdom ikkje kjenner farane ved. Det finst heller ikkje noko motgift for MDMA.

At ein mindreårig person blei teken med opp mot 500 brukardosar, gjer at politiet vert ekstra skremde. Dei ser ein større aksept for syntetiske stoff blant ungdom.

– Dette gjer meg bekymra. Det er avgjerande at det vert sett i gang tiltak mot miljøet, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

No slår politiet alarm om dopbruk blant unge, og ber foreldra ta ein prat med ungdommane sine.

– Bruk av dette stoffet kan i verste fall føre til blant anna hjernebløding, hjarteinfarkt eller heteslag, seier Hope.

No skal politiet etterforska sakene for å finne eventuelle bakmenn og leverandørar.