Hopp til innhold

Mindre kunnskap, men større oppslutning

Sjølv om stadig færre har kjennskap til korleis landbruk føregår, aukar oppslutninga kring landbruket fordi folk er meir opptekne av mattryggleik og lokalt produsert mat.

Erlend Solvang

TILHENGAR: Erland Solvik, som her handlar på Coop i Førde, er stor tilhengar av lokalt produsert mat.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Mia Kristine Sunde, Malin Trosvik, Karianne Heggheim og Piotr Tomasz Bylica

HAFSTAD VIDAREGÅANDE: Mia Kristine Sunde, Malin Trosvik, Karianne Heggheim og Piotr Tomasz Bylica

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Eg har ikkje peiling. Eg veit ingenting gard eller slikt. Vi snakkar ikkje om gardar, dyr eller traktor, seier Peter Tomasz.

Han diskuterer laust og fast med venene sine i mylderet i aulaen på Hafstad vidaregåande skule i Førde. Men landbruk er dei ikkje opptekne av.

Mindre og mindre kunnskap

Professor ved Noregs Miljø- og biovitskaplege universitet, Odd Vangen, har lagt merke til at kunnskapsnivået kring landbruk og matproduksjon blant nordmenn har gått ned dei siste tiåra.

– Det skuldast sjølvsagt at det er færre gardsbruk, større gardar, og generelt mindre nærleik til landbruket, seier Vangen.

Men leiar i Sogn og Fjordane bonde og småbrukarlag, Magnar Juklestad er ikkje veldig uroa over utviklinga då han ser at interessa for trygg og nær mat brer om seg.

Magnar Juklestad

IKKJE UROA: Magnar Juklestad

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Eg er ikkje så veldig uroa, for sjølv om kunnskapane om store traktorar og korleis jordbruket fungerer ikkje er so stor, trur eg interessa for matproduksjon vil gå opp ein god del.

Men oppslutninga aukar

Erlend Solvang

ERLEND SOLVANG

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK
Bjarte Espeland

BUTIKKSJEF: Bjarte Espeland.

På Coop Mega i Førde sentrum saumfarar Erlend Solvang hyllene etter mat til seg og sin familie. Han meiner det er viktig med berekraftig og trygg matproduksjon.

– Eg er veldig tilhengar av kortreist mat. Eg vil mykje heller kjøpe kortreist mat, sjølv om han er litt dyrare, seier Solvang.

Butikksjef på Coop, Bjarte Espeland, merkar denne trenden på salet av lokal mat.

– Det går jamt og trutt her. Folk kjøper det. Det er ikkje det du sel store volum av, men folk plukkar det med som ekstra kos til helga. Det går spesielt mykje meir til høgtider.

Meiningsmålingar syner at oppslutninga kring landbruket aldri har vore so høg som i dag. Heile 90 % vil halde landbruket på dagens nivå. Professor Vangen trur mykje av forklaringa bak talet ligg i at fleire tenker som Erlend når dei handlar mat.

– Vi blir meir og meir opptekne av maten, og kva vi som individ et. Vi har betre kunnskap om ernæring, betre kunnskap om kosthald, betre kunnskap om mosjon og så vidare. Nokre vil seie vi er mykje meir opptekne av oss sjølve, og vårt eige matinntak, seier Vangen.