Hopp til innhold

Millionen til turløyper


Turløyper i Sogn og Fjordane får over ein million kroner til oppmerking. Det er Gjensidigestiftelsen og Sogn og Fjordane fylkeskommune som har løyvd pengane. Reisemål Stryn og Nordfjord får mest med over 372 000 kroner. Pengane skal gå til oppmerking av turløyper og gradering av løypa.
Regionsansvarleg i Gjensidigestiftelsen, Einar Holsvik, meiner oppmerking av slike turløyper er eit av dei beste og billigaste folkehelsetiltaka.