Hopp til innhold

Mildrid (82) fekk ikkje ringt hjelp

Tilfeldige forbipasserande vart berginga for Mildrid Asperheim (82) då ho braut lårhalsen på glattisen - og ikkje hadde mobildekning til å ringe ambulanse.

Video c547290b-9b30-497f-8f57-26fe3d070375.JPG

SJÅ: Mildred Asperheim (82) skulle berre hente posten. Men på den såpeglatte isen sklei ho og braut lårhalsen.

I halvannan time vart 82-åringen liggande på isen utanfor heimen hennar i Stongfjorden i Askvoll.

Ein forbipasserande og den oppfinnsame bussjåføren Olav Hammersland heldt henne varm med ein hårfønar.

- Eg var så redd. Eg hadde mange tusen tankar i hovudet, fortel ho.

Utan telefon

Det var fredag ettermiddag at Asperheim fall då ho skulle henten posten. Frå huset vart ektemannen Arne vitne til dramatikken.

Då han prøvde å ringe etter lege, var telefonnettet nede, skriv Firda.

- Det var å få på seg skoa og komme seg ned. Eg kjende meg rett og slett hjelpeslaus. Einaste eg kunne gjere var å dra ned nokre tepper, fortel han til NRK.

Oppfinnsam bussjåfør

Kvinna kjende med det same at det var alvorleg. I tillegg til broten lårhals, vart også eine armen stygt skadd i fallet. Ektemannen er dårleg til beins og utan telefondekning fekk han ikkje ringt etter hjelp.

Mildrid Asperheim

KRAFTIG SLAG: Mildred Asperheim fekk eit kraftig blåmerke i møte med isen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Då alt såg som mørkast ut, kom bussjåfør Olav Hammersland forbi. Den tidlegare ambulansesjåføren visste gode råd.

- Eg henta den gode og varme Firda-jakka mi og ein hårfønar. Så sat vi og føna over teppet for å halde varmen i henne, fortel han til NRK.

Fekk skrekken

Samstundes leitte postmannen etter mobildekning. Etter halvannantime var ambulansen på plass. Mildred vart då teken med frå den kalde og såpeglatte isen til ei varm seng ved Førde sentralsjukehus.

Sjølv om ho no har fått skrekken for å gå ut, vil ho flytte heim att.

- Men då håpar eg at telefonen er i orden att, seier 82-åringen til NRK.