Hopp til innhold

Sjekk regnvêret som kjem måndag!

Det er all grunn til å finne fram paraplyen i indre strøk av Hordaland og Sogn og Fjordane – no kjem regnet.

Regnet som er venta

REGN: Det er varsla samanhengane nedbør over ein lengre periode måndag før det går over i regnbyer.

Foto: Meteorologisk institutt

Søndag ettermiddag sende Meteorologisk institutt OBS-varsel for Sogn og Fjordane og Hordaland. Det vil truleg komme rundt 30 – 50 mm i løpet av måndagen i indre delar av fylka.

– Det er ein frykteleg vanskeleg situasjon med sommar og slikt regnvêr i vente, seier statsmeteorolog for Vêrvarslinga for Vestlandet, Anne-Mette Olsen.

Meteorologisk institutt varslar at det vil komme lokalt mykje nedbør i Møre og Romsdal og indre strøk av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Må takle uvanleg mykje regn

For indre delar av Sogn og Fjordane og Hordaland vil slikt regn vere betydeleg.

– Det ser ut til å komme på stadar der ein kanskje ikkje er så vande til at det regnar så mykje, som i Lærdal, Årdal, Øvre Årdal og Årdalstangen, seier Olsen.

Regnet er å rekne som småplukk for vêrstasjonar som Takle som taklar slike nedbørsmengder på strak arm. Men i indre Sogn kan det bli verre.

– Rekorden i Lærdal er offisielt på 58 mm så kjem alt dette regnet som er varsla vil det by på utfordringar, seier meteorologen.

Også auka fare for jordras

NVE har søndag oppgradert rasfaren i Sogn og Fjordane og Hordaland etter at det gjekk eit jordras i Luster på grunn av vatn frå smeltesnø. No er det knytt spenning til om regnet som kjem vil få konsekvensar for elvar som har hatt stor auke i vassmengda i helga – som Opo i Hardanger.

– Det er veldig usikkert kvar frontane kjem. Og det vil vere store lokale forskjellar. Det er også usikkert på kva side av fjella nedbøren vil komme. Det er uvanleg også at det vi ser vil komme er mest samanhengande regn, før det etter kvart går over til regnbyer på måndag, seier Olsen.

Utfordringa er at ein på sommaren ikkje vanlegvis ser slike samanhengande lågtrykk, med gamle frontar på sommarstid.

– Det går seinare og står litt i ro, så det er ein svært vanskeleg situasjon, seier ho.