Hopp til innhold

Meteorologen om langhelga: – Det blir fint, altså!

Statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke kjem med ei gladmelding før arbeidardagen og langhelga. – Det blir fint, altså!

Sognefjorden

FINT ALLEREIE I DAG: Dette biletet av Sognefjorden vart merka med #nrksf på Instagram i dag. Og det blir fint heile helga, lover statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke.

Foto: Tone Botten

– Det er gode moglegheiter for å gjere ting utandørs i morgon. Det blir litt vind, med bris i innlandet og kuling på kysten. Men det vil vere lange periodar med sol, seier Solbrekke.

I morgon er det 1. mai, den internasjonale arbeidardagen. Uansett om planen er tog eller andre utandørsaktivitetar er vêrutsiktene gode, sjølv om det ikkje blir veldig varmt enno.

– Temperaturen er litt låg. Han er ikkje slik han pleier å vere på denne tida. Det er veldig store variasjonar frå tidleg om morgonen til midt på dagen. Når det kjem byer tidleg om morgonen kjem det gjerne som kvitt.

Det er utrygt for ettermiddagsbyer nokre stader i fylket fredag, men når resten av langhelga kjem rullande blir det endå betre.

– Det blir ei fin helg, altså! Det kan kome enkelte spreidde byer heilt nord i fylket på laurdagen, men elles blir det opphald og lange periodar med sol. Det same gjeld for søndagen. Mykje bra vêr, og litt stigande temperatur, så det er jo kjekt.

Og dei som måtte vente på nedbør, må vente endå nokre dagar etter helga.

– Eg ser ikkje noko nedbør før på onsdag, og det ser ut til at temperaturane skal stige neste veke. Vi får litt meir vårkjensle, seier Solbrekke.