Hopp til innhold

Her er det mest avslappande i heile verda, meiner amerikansk nettstad

Den amerikanske nettstaden Huffington Post har kåra Nordfjord til den mest avslappande staden i verda.

Olden sett frå Rake

AVSLAPPANDE: Huff Post har brukt eit bilete frå denne vinkelen mot Olden for å illustrere kåringa si.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nettstaden har lista opp 15 stader i verda dei rår folk til å oppsøke om dei vil lade batteria og kople ut kvardagslivet sitt. Og på topp på denne lista står Nordfjord, Norway. Huff Post har lagt inn eit bilete frå Olden, truleg teke frå Rake.

Dette er fantastisk Nordfjord-reklame, seier dagleg leiar Marita Lindvik i Reisemål Stryn & Nordfjord.

– Det har stor betydning for Nordfjord-regionen at vi er kåra til den mest avslappande plassen. Her konkurrerer vi med internasjonale, attraktive plassar, og det å sjå at vi er på førsteplass er ei stor glede.

Marita Lindvik

- EI STOR GLEDE: Marita Lindvik i Reisemål Stryn & Nordfjord ventar mange på jakt etteer avslapping.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ventar auka turisme

Ho trur at dette vil lokke mange til å oppsøkje Nordfjord neste sommar.

– Turistane er opptekne av totaliteten, ikkje berre overnatting og ein tur, og avslapping er in. Det at vi får ei gratis «pressemelding» på denne nettstaden vil føre til auka turisme hjå oss.

Lindvik fortel at hotell og campingplassar i Nordfjord rapporterer om stor auke i talet på turistar også i sommar.

– Vi får snart statistikkar som vi reknar med vil stadfeste inntrykket, og eg gler meg til å sjå tala.

Her er heile lista:

  1. Nordfjord, Norge
  2. Whitehaven Beach, Australia
  3. Sanur, Bali, Indonesia
  4. Navagio Beach, Hellas
  5. Rocky Mountain National Park, Colorado
  6. Rio Celeste Falls, Costa Rica
  7. Pienza, Italy
  8. Waipio Valley, Hawaii
  9. Lake Louise, Canada
  10. Grand Anse Beach, Seychellene
  11. Seljalandsfoss, Island
  12. Snowdonia National Park, Storbritannia
  13. Flathead Lake, Montana
  14. Bora Bora, Fransk Polynesia
  15. Mount Hood, Oregon