Hopp til innhold

Merkar ikkje oljekrisa – enno

Sogn og Fjordane hadde ei lita auka i arbeidsløysa i juni. Nav meiner ein enno ikkje ser oljekrisa råke fylket.

Fjord Base, Botnaneset i Florø

TØFFE TIDER: Sogn og Fjordane har om lag 4800 oljerelaterte arbeidsplassar. 2500 av dei er lokaliserte i Florø, der mellom anna tilsette i verksemder ved Fjord Base (bilete) har måtte gå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ved utgangen av juni var det registrert 54 fleire arbeidsledige enn på same tid i fjor. Ein auke på seks prosent.

– Auken fordelar seg på ulike bransjar og vi kan framleis ikkje sjå at problema i oljesektoren nasjonalt har særleg innverknad på utviklinga i vårt fylke, seier Knut Steinar Eitungjerde, assisterande direktør i NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Dystre tal i fylka sør for oss

I nabofylka sør for oss har nedgangen i oljebransjen ramma langt hardare. I Rogaland og Hordaland held den negative utviklinga fram, med ein auke på høvesvis 55 og 20 prosent held fram. Auken er størst innan ingeniør- og IKT- faga knytt til oljesektoren.

Knut Steinar Eithungjerde

ANNLEIS-FYLKET: Sogn og Fjordane har så langt blitt lite påverka av problema i oljesektoren, konstaterer NAV-sjef Knut Steinar Eithungjerde.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Sogn og Fjordane sin mest olje-tunge kommune, Flora har ein registrert auke på 59 ledige personar i høve til juni i fjor.

Fleire oljerelaterte verksemder har kutta i talet på tilsette, andre har varsla kutt. Men trass i at om lag 2500 av jobbane i Florø er offshore-relaterte, kan ikkje Nav sjå at det er oljekrisa som har skulda for auken.

– Dette er fordelt på mange ulike bransjar utan at industri utmerker seg negativt.

Fleire nye stillingar

Til saman 1045 personar i Sogn og Fjordane var ved inngangen til juli heilt utan arbeid. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken og er lågast i landet.

På landsnivå er det 77 310 heilt ledige i juni, tilsvarande 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein auke på 5 prosent frå juni i fjor.

I prosent er det flest ledige i Selje med 4,1, Flora har 3,7 og Vågsøy 3,2. I den andre enden av lista finn vi Leikanger og Aurland med 0,4 prosent.

Bygg og anlegg, og ingeniør- og ikt-fag har størst auke i arbeidsløysa.

I juni var det 100 heilt permitterte i Sogn og Fjordane som er det same som i juni i fjor. Det vart registrert 497 nye stillingar, 150 fleire enn i juni i fjor.