Hopp til innhold

Melder Hydro til politiet for påståtte måsedrap

Dyrevernorganisasjonen NOAH har meldt Hydro i Høyanger til politiet for det dei meiner er systematiske drap på måsar og måseungar på metallverket.

Måseunge

MELDER HYDRO: NOAH hevdar at Hydro i Høyanger systematisk har teke livet av måsar og måseungar over lengre tid. (illustrasjonsfoto)

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Bakgrunnen for politimeldinga er at vi har fått fleire tips som kvar for seg er truverdige. Vi har også vore i kontakt med bedrifta som ikkje har avkrefta at har kunne skjedd, seier leiar i NOAH, Siri Martinsen, til NRK.

Ifølgje organisasjonen grunngjev dei politimeldinga med tips om at tilsette på Hydro skal systematisk ha teke livet av måseungar med å slå dei i hel.

Presiserte praksisen

– Det er jo brot på dyrevelferdslova og naturmangfaldlova. Dyr i hekketida skal vere i fred. Fleire måseartar er raudlista og det er på ingen måte greitt å drepe dyr fordi ein ikkje liker dei, seier Martinsen.

NRK erfarer at hekkande måsar har vore sett på som eit tryggingsproblem på fabrikkområdet i Høyanger, ikkje minst fordi det er svært mange høgspentområder, der fuglane kan føre til uhell og ulukker.

Hydro seier dei følgjer råda frå Viltnemnda og berre avlivar måkeungar som er skadde. Dei har ikkje motteke meldinga frå NOAH.

– Vi kjenner ikkje til at tilsette systematisk avlivar måkar og måkeungar, men etter at vi tidlegare i sommar vart kjende med ein påstand om dette, orienterte vi umiddelbart alle tilsette og presiserte kva praksis som gjeld i samband med skadde måkeungar på anlegget, seier verksdirektør Wenche Eldegard.

Høyanger Metallverk

SIKKERHEIT: Etter det NRK kjenner til har Hydro i fleire år slite med at måsar mellom anna byggjer reir i høgspentområder.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dialog med NOAH

– Vi har også hatt god dialog med NOAH om korleis vi kan førebyggje at måkeungar blir skadde, og vi har oppfatta at dei også har vore nøgde med denne dialogen, legg Eldegard til.

Hydro flyttar regelmessig måkereir vekk frå høgspentleidningane på metallverket.

– Kortslutning og straumstans kan få store følgjer, og føre til store skadar på både tilsette og materiell, seier Eldegard.

Bør heller førebyggje

At reir ved høgspentleidningane representerer ein fare for tilsette og fuglane sjølve, meiner Siri Martinsen i NOAH ikkje er noko godt argument for å fjerne hekkande måsar, ungar eller egg.

– Eg reagerer veldig på at ein ikkje har den toleransen for ville dyr som ein skal ha. Ut frå tipsa vi har fått, så skal dette ha skjedd over lang tid. Om ein ikkje ønskjer at måsar skal hekke på eit område, så er det mogleg å setje inn førebyggjande tiltak som ikkje skadar dyra, meiner Martinsen.

Forventar etterforsking

NOAH har levert politimeldinga til Sogn og Fjordane politidistrikt, men fungerande lensmann i Høyanger, Kåre-Jan Hofrenning, kjenner ikkje til saka. Det er ikkje sett i gong noko etterforsking så langt.

– Vi forventar at politiet no etterforskar dette, ikkje minst fordi politidirektoratet har sagt at ein skal prioritere saker som gjeld brot på dyrevelferdslova, konkluderer Siri Martinsen i NOAH.