Hopp til innhold

Meir og meir folk, men færre oppdrag

Trass i stor utfart i påskefjellet har det i år vore svært få oppdrag for Røde Kors og Norsk Folkehjelp. – Vi har sett denne trenden utvikle seg dei siste åra.

Norsk folkehjelp i årdal

FREDELEG: Dei frivillige hjelpekorpsa rundt om i fylket har også fått høve til å nyte det flotte påskevêret eller berre slå av ein prat med folk, for det har vore lite med oppdrag i år.

Foto: Norsk Folkehjelp

Det seier Geir Henning Hansen i Røde Kors. Han har jobba i hjelpekorpset i rundt 25 år og har aldri opplevd ei så roleg påske som i år.

– Det blir fleire og fleire folk ute ved fint vêr, men samstundes blir det færre og færre ulukker, seier han.

– Heilt andre tal for nokre år tilbake

Hansen meiner denne trenden kan tyde på at viktig informasjon har nådd fram og at folk har teke den til seg.

– Det er jo veldig positivt at folk høyrer etter. Vi skal ikkje mange åra tilbake før det var heilt andre tal på oppdrag, med både skader, leiteaksjonar og slike ting, seier han.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Denne påska har det vore svært få oppdrag for Røde Kors i påskefjellet her i fylket.

– Vi hadde eit henteoppdrag for AMK i alpinbakken på Utvikfjellet med beinbrot eller liknande, og så har vi hatt nokre hentingar av folk som har vore uheldige og øydelagt utstyr i bakken, så det har no vore meir som ein ekstraservice, fortel Hansen.

Nokre få mindre oppdrag

Han tykkjer det er meir enn greitt at hjelpekorpset har hatt lite å gjere på.

– Det er heilt fantastisk. Når du høyrer om alt som skjer andre stader i landet så er det litt spesielt. Men det har nok noko med at folk har meir respekt for vêr og vind enn før.

Norsk Folkehjelp i Årdal påska 2014

PÅ VAKT: Kjell Arne Solheim i Norsk Folkehjelp Årdal.

Foto: Norsk Folkehjelp

Også for Norsk Folkehjelp i Årdalsfjella har det vore ei roleg påskefeiring. Med unntak av eit barn som brann seg på handa, eit barn med feber, ei dame med ankelskade og ein hund med skada fot, har det vore stille også her.

– I det store biletet har det vore ei roleg og in påske. Vi har hatt jamt med varekøyring for hyttefolket oppi her, men elles har det vore lite, fortel Kjell Arne Solheim.

– Førebygginga fungerer

Han har inntrykk av at folk meir forsiktige med å gå i farleg terreng, sjølv om det framleis er nokre få som tek sjansar. Og også Norsk Folkehjelp opplever at talet på skader i påskefjellet har gått ned, trass i at det har vore svært stor utfart.

– Dei siste åra har vi ikkje hatt dei store skadane, så det viser jo at førebygginga fungerer, seier Solheim.

Begge organisasjonane blir verande på postane sine til utpå morgondagen, men dei merkar på trafikken på vegane at påska nærmar seg slutten.