Hopp til innhold

Nektar for økonomisk trøbbel for Havila

– Dette viser at vi gjorde rett då vi ikkje selde til Havila, seier Frank Willy Djuvik (Frp) om økonomitrøbbelet i Havila som ville kjøpe Fjord1. – Tøv, svarar Havila-eigar.

Per Sævik

TAR TIL MOTMÆLE: Frank Willy Djuvik sin argumentasjon er fullstendig tøvete og lågmål, seier Havila-eigar Per Sævik.

Foto: Trond Vestre / NRK

Djuvik fortel at fylkespolitikarane var kjende med at Havila slit med økonomiske utfordringar, og at dette medverka til at fylkeskommunen ikkje ville selje til Sævik.

– Det har vore med i vurderingane fordi vi har tenkt langsiktig. Både i høve korleis ein best tek vare på fylkeskommunen sine verdiar og på lokale arbeidsplassar, seier Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp i fylkestinget.

I ei fersk børsmelding ber Havila om minst 200 millionar kroner i ny eigenkapital og at avdrag på banklån blir utsette, for å prøve å berge selskapet Havila Shipping. Ein svak marknad innan offshore og shipping har hatt negativ innverknad på selskapet. Havila Shipping av eit av fleire selskap i Havila-konsernet.

Frank Willy Djuvik på talarstolen

Havila sin anstrengde økonomi kunne ført til at selskapet ville selje seg ut av Fjord1 for å sikre seg pengar, seier Frank Willy Djuvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Påverka fylkespolitikarane

Med knappast mogleg fleirtal, 16 mot 15 røyster, vedtok fylkestinget å selje eigarposten i Fjord1 til transportselskapet Torghatten. Fleire har derimot teke til orde for at ein heller burde selje til sunnmøringen Per Sævik, eigaren av Havila-selskapa. Sævik er allereie medeigar i Fjord1 og ville vere den beste eigaren, meinte kritikarane.

– Resultatet kunne fort vorte at Havila ville selje seg ut for å sikre seg meir kapital i ein økonomisk krevjande situasjon. Kanskje ville aksjemajoriteten bli eigd av banken, seier Djuvik.

– De var redde for ein konkurs?

– Det kunne ha vorte eit resultat, seier Djuvik.

Hardt ut mot Djuvik

Havila-eigar, Per Sævik, har på ingen måte sans for Djuvik sine vurderingar.

– Dette er det reine vås. Vi har ein reiarlag-del, vi har ei verftsgruppering og vi er inne i Fjord1 allereie. Målet vårt er å bygge dette opp vidare. Å hevde noko anna og å spekulere i konkurs er lågmål, seier Sævik.

Han forsikrar at Havila-konsernet har solid økonomi trass i store utfordringar i supply -og shippingbransjen.

Fylkesordførar Jenny Følling ønskjer ikkje å kommentere Havila sine økonomiske utfordringar. Samtidig føler ho seg trygg på at det var rett å selje til Torghatten.