Hopp til innhold

Meiner tryggleiken er viktigare enn å halde fjellovergang open

Etter to alvorlege hendingar under brøyting på riksveg 13 over Vikafjellet, vil Vegvesenet no at entreprenørane vurderer tilhøva endå nøyare, før dei gjer jobben sin.

Per Ove Fossheim

VIKTIG: – Helse- miljø og tryggleik må stå i høgsetet, seier prosjektleiar i Vegvesenet, Per Ove Fossheim.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Det er vanskeleg, men det er viktig å ha fokus på HMS og sikker jobbanalyse i forkant. Som ein konsekvens av dette, køyrer vi eit litt hardare regime. Ved brøyting og fresing må vi ta ei god vurdering kvar gong, med tanke på at det er variasjonar i vêret, seier prosjektleiar i Vegvesenet, Per Ove Fossheim.

Søndag vart ein hjullastar teken av snøras ved Skjelingavatnet og onsdag vart ein snøfres treft av eit snøskred i Holesvingane på riksveg 13 over Vikafjellet.

Vegvesenet var i dag i møte med entreprenørane som har ansvar for snøryddinga på fjellovergangen for å diskutere dei to alvorlege hendingane, som begge hadde stort skadepotensial. Ryddearbeidet på strekninga er mellombels stoppa.

Må vere gode på å vurdere

Årets vinter har gitt svært krevjande og varierande vêrtilhøve på fjellovergangen, noko som har stilt ekstra store krav til vurdering av tilhøva.

– Vi må vere gode på å vurdere skredfare fortløpande, seier Fossheim, og legg til at dette er noko ein alltid kan bli betre på.

Han peikar på at både vindtilhøve, snødrift og temperatur spelar inn.

– Laurdag vart det eit rimlag på snødekket, og så fekk vi mykje vind søndag. Det rimlaget var truleg eit svakt lag, og gjorde til at den snøen som kom med vinden om natta, kom når ein fekk vibrasjon i dekket, seier Fossheim.

Geolog skal inn i området torsdag

Han peikar på at tryggleiken kjem framfor det presset ein har på seg til å halde fjellet ope for fri ferdsle.

– HMS og tryggleik skal vere i høgsetet og skal ha prioritet både for dei som jobbar og dei som ferdast over fjellet. Det skal vi ikkje gå på akkord med, sjølv om det kan betyr fleire stengingar, seier Fossheim.

– Vi veit at vi har med å gjere eit arbeid som er utfordrande. Då må vi gjere dei tryggleikstiltaka som er naudsynte, seier Fossheim.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av rasfare og fordi oppryddingsarbeidet er stoppa. Torsdag skal ein geolog inn i området for å vurdere om det er trygt å starte oppryddingsarbeidet.