Hopp til innhold

«Om ikkje Sogndal følgjer med på han, skal eg jage han til Bergen»

FØRDE (NRK): Førde-trenar Julian Madsen meiner det er på tide at Sogndal hentar Daniel Kvalvågnes (18) til eliteserien.

Daniel Kvalvågnes med ballen for Førde

GOD KAMP: Daniel Kvalvågnes spelte ein god kamp for Førde mot Sogndal. No meiner trenar Julian Madsen at ungguten er klar for større oppgåver.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Daniel leika seg med Tippeliga-spelarar i dag, og han er berre 18 år. Om ikkje Sogndal følgjer med på han, skal eg jage han til Bergen. Han er altfor god til å spele for oss.

Julian Madsen er klokkarklar på at Sogndal bør få auga opp for den talentfulle angriparen i Førde. Mot Sogndal i cupen var ungguten ein av dei beste på bana - sjølv om heimelaget til slutt tapte med minst mogleg margin.

Han hadde ein av kampens største sjansar tidleg i oppgjeret.

– Om ingen plukkar han opp snart, så skjønar eg ingen ting. Han burde vore i ein tropp allereie, seier Madsen.

Meiner fleire av spelarane kan ta steget

Kvalvågnes har i lengre tid vore i søkjelyset til Sogndal, mellom anna gjennom fleire turneringar med juniorlag i klubben. No utgjer han eit giftig angrep saman med Øystein Myrkaskog og Vegard Savland i Førde.

Der er det ikkje sikkert han blir veldig lenge.

– Eg har trent spelarar på same alder i Bodø/Glimt, og ser at han kan steget til ein klubb i eliteserien, meiner Madsen.

– Eg synest ikkje nivået opp er så stort for fleire av våre spelarar, med tanke på at dei har vanlege jobbar i tillegg til fotballen. Eg trur fleire kunne ha klart seg på høgare nivå om dei hadde fått sjansen til å vere profesjonelle, seier trenaren.

Eirik Bakke og Rune Bolseth

TOLMOD: Eirik Bakke og Sogndal har Daniel Kvalvågnes i radaren, men meiner ungguten framleis har godt av å vere i Rørde. Her er trenaren saman med kaptein Rune Bolseth.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal er klar over spisstalentet

Sjølv har ikkje Kvalvågnes dårleg tid. Han vil først og fremst prestere jamt bra på Førde, og ikkje minst finne vegen til nettmaskene langt oftare.

– Eg har sjølvsagt eit mål om å ta steget vidare, for det er fotball eg har lyst til å satse på. Men eg er berre 18 år enno, og eg stressar ikkje. Eg har ein god arena å utvikle meg på i Førde, seier Kvalvågnes.

Sogndal-trenar Eirik Bakke er samd med det unge talentet.

– Vi veit godt om han. Men han har eit godt miljø her, og då er det ingen vits i å ta han bort før han er heilt klar. Det same kan eg seie om spelarar som Øystein Myrkaskog, Vegard Savland og Eirik Lund Holm, seier trenaren.