Hopp til innhold

Meiner politiet er verstingar når det gjeld brot på mållova

Dagleg leiar i Landssamanslutninga for nynorskkommunar, Vidar Høviskeland, meiner politiet er verstingen av statlege etatar som bryt mållova.

Meiner politiet er verstingar når det gjeld brot på mållova

IKKJE IMPONERT: Vidar Høviskeland har vore i Landssamanslutninga for nynorskkommunar i 17 år. Han meiner politiet tronar øvst på lista over klager på brot på mållova.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/Astrid Eidhammer Hjelmeland / NRK

– Politiet er verstingen og den etaten som vi får inn flest klager på. Sjølv om Nav har gjort sitt for å leve opp til det same ryktet, har dei ikkje klart å nå att politiet. Dette er for dårleg, og det er for lite kunnskap i politiet, seier Høviskeland, som har jobba i LNK i 17 år.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar skal arbeide for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur, og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.

Dei klagene som LNK tek imot, vert sende vidare til Språkrådet.

– Det er dei som har det overordna ansvaret for språk i statlege etatar, seier Høviskeland.

Klagene har mykje felles

Han seier at klagene som LNK tek imot har tydelege fellestrekk.

– Veldig mykje går på skjema eller dataprogram som politiet seier ikkje finst, men som skal finnast. Generelt har eg eit inntrykk av at det er for lite kunnskap i politiet når det gjeld mållovssaker, seier Høviskeland.

Tysdag fortalde NRK om Jens Brekke i Vik som nektar å betale eit førelegg på vel 7.000 kroner før han får førelegget på nynorsk.

Dette har han opplyst Sogn og Fjordane politidistrikt om ettertrykkjeleg, utan at han har fått svar.

Saka har gått sin gang, og etter fleire faktura frå Statens innkrevjingssentral, har Brekke no fått beskjed om tvangsinndriving av bota.

Dersom han ikkje betalar, kjem lensmannen på døra 4. desember for å ta med seg lausøyre til ein verdi av i overkant av 8000 kroner, som bota no er oppe i etter at både renter og purregebyr har komme til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jens Brekke med dokumenta så langt

SKRIV OG SKRIV: Jens Brekke med korrespondansen i saka til no.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Meiner han ikkje har krav på nynorsk

Politiinspektør Bjørn Larsen ved Sogn og Fjordane politidistrikt meiner Brekke ikkje har krav på å få førelegget på nynorsk. Dette er på grunn av ein uttale Sivilombodsmannen kom med i ei liknande sak i 1994.

– I mållova står det at rettsstellet er unnateke reglane i mållova. Også Sivilombodsmannen har i eit vedtak i ei liknande sak uttalt at rettargangsverksemd er eit område der mållovsreglane ikkje gjeld. Eg held meg til det, seier Larsen.

Dette stadfestar Kristin Solbjør i Språkrådet, sjølv om ho legg til at Språkrådet opphavleg ikkje tolka mållova på same vis.

– Men vi må rette oss etter det Sivilombodsmannen har sagt, seier Solbjør.

Politiet jobbar i tillegg i eit system som er felles for politiet i heile landet, og dette er berre er på bokmål.

– Vi held oss til det systemet som vi er pålagde å bruke når vi skriv ut førelegg, og det systemet er på bokmål, seier Larsen. Men politiadvokat Sissel Kleiven, som har signert førelegget til Brekke, har lova at ho skal få omsett førelegget så snart ho har tid.

Meiner systemet gir systematiske lovbrot

Vinje-ordførar, Arne Vinje, trudde knapt sine eigne auga då han las saka om Jens Brekke og førelegget på bokmål.

Han meiner det burde vere automatikk i at det Sogn og Fjordane politidistrikt sender ut, er på nynorsk.

– Dei burde då automatisk sende ut på nynorsk. Det skulle berre mangle, seier Vinje.

At juristane hjå politiet jobbar i eit system som berre finst på bokmål, tykkjer Vinje mest ikkje er til å tru.

– I så fall er det eit systematisk bot på mållova, og det er nesten verre enn om det hadde vore eit tilfeldig lovbrot, seier Vinje, som er kritisk til kva signal dette sender ut til folk.

– Det signaliserer at ikkje alle lover er like viktige, og det er svært uheldig. Det signaliserer vanvørdnad for lov om målbruk i offentlege tenester, seier Vinje.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

No er sogningen Jens Brekke i krangel med påtalemakta igjen.

VIL KJEMPE: Jens Brekke vil ikkje gi seg. Onsdag var han på Aktuelt på NRK2 for å fortelje om saka si. Foto: Halvor Farsund Storvik

Lovar nytt system i 2018

Hjå Politidirektoratet har dei sidan fredag ikkje funne nokon som har tid til å la seg intervjue av NRK om saka. Men politiinspektør Knut Erik Huseby har eit par kommentarar til saka som han kan siterast på.

– Dette er ei problemstilling vi er klar over, og det er ikkje godt nok slik det er i dag. Men det vert jobba med det, seier Huseby.

Han er leiar for «meirverdiprogrammet», eit nytt system som skal få politiet til å jobbe på ein endå smartare måte.

– 1.1.2018 skal mellom anna alle malar også finnast på nynorsk. Dette malverket skal testast ut i tida framover, men frå den datoen skal det vere oppe og stå i heile landet, seier Huseby.