Hopp til innhold

Meiner lokalpolitikarane skulle stått meir samla

Om partia i Sogn og Fjordane hadde stått saman og slåst for politidistriktet på same måte ein har kjempa for andre lokale arbeidsplassar, ville ikkje dette skjedd, meiner Ap-politikarar i Sogn og Fjordane.

Arne Johannessen og Ola Teigen

KJEMPA MEIR: Både Arne Johannessen og Ola Teigen i Arbeidarpartiet meiner ein burde fått til større politisk einigheit i Sogn og Fjordane. Slik ein til dømes har gjort i Møre og Romsdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / Vidar Gudvangen / NRK

– Hadde alle jobba like mykje for politidistriktet som ein gjorde for Fiskerikontoret i Måløy, kunne vi kanskje lykkast å behalde det som var. Når det er sagt, er eg minst like skuffa over eige parti, seier Ola Teigen ordførarkandidat i Flora for Arbeidarpartiet.

I dag vart det kjent at Sogn og Fjordane politidistrikt er historie. Regjeringa, KrF, Venstre og Arbeidarpartiet la i dag fram politireforma, og her vart det klart at Sogn og Fjordane og Hordaland vert eitt politidistrikt Vest.

Teigen meiner alle partia i fylket burde stått meir samla om å behalde politidistriktet.

– Her i fylket har dei raud-grøne partia vore opptekne av å halde på politidistriktet. Medan regjeringspartia samt Venstre synest det er greitt å leggje ned politidistriktet. Slik eg ser det vert Sogn og Fjordane taparen ved ei samanslåing, seier han.

Skulle gjort som Møre og Romsdal

Partikollega Arne Johannessen meiner også politikarane i fylket kunne gjort meir, og er skuffa over at ein godt å vel 100 år med politidistrikt i fylket no er historie.

– Som politikar har eg jobba hardt for ein fylkesmodell. Dessverre har det ikkje vore politisk støtte. Det som skuffar meg aller mest er at det har vore utruleg lite interesse for ei brei analyse av fleire gode innspel som er kome.

– Det er forunderleg at store politiske miljø i Høgre, Frp og Venstre ikkje har hatt noko interesse å fylgje opp så gode faglege signal frå sitt eige fylke.

Han meiner dette er eit godt døme på korleis det går når ein ikkje klarar å samle dei politiske kreftene slik ein har klart i Møre og Romsdal og i Finnmark. Han meiner alle argumenta som har blitt brukt her også passar for Sogn og Fjordane.

– Dei kjem begge ut med eit fylkespolitidistrikt, takka vere at dei står samla tverrpolitisk og jobbar i same retning, seier Johannessen som er skuffa over eige parti sentralt, men stolt over partiet sine lokale politikarar som har stått på.

Johannessen meiner det ligg mykje læring i denne saka for framtidige kampar for Sogn og Fjordane.

Vil kjempe for å spesialistfunksjonar

Bjørn Lødemel

HAR KJEMPA: Vi har kjempa, men ikkje vunne fram, meiner Bjørn Lødemel, Stortingsrepresentant for Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingsrepresentant, Bjørn Lødemel for Høgre, er glad det er brei einigheit om politireforma. Han meiner Høgre lokalt har kjempa nok for Sogn og Fjordane som eige distrikt.

– Høgre hadde i utgangspunktet ønska ein fylkesmodell. Men då Høgre sentralt bestemte at det ikkje skulle vere det, har vi heller jobba for å ha spesialistjobbar på politikammeret i Florø. Det er viktig, seier han.

Han legg til at kvar lokalparti har jobba inn mot sine parti.

– Eg ser jo også at Arbeidarpartiet ikkje går for fylkesmodellen.

Men Lødemel ser på samanslåinga med Hordaland som utfordrande.

– Med det dårlege ryktet Hordaland har på seg, vert det utfordrande. Vi i Sogn og Fjordane må krevje at dette vert rydda opp i slik at ein har tillit til leiinga som også skal betene vårt fylke, seier han.

Gjer det beste ut av situasjonen

Johannessen har også rolle som regionlensmann i Sogn. Han vil no prøve å riste av seg vonbrotet.

– Slaget er tapt. Og som regionlensmann, er det min jobb å kjempe for innbyggjarane i fylket sitt beste i den nye strukturen. Vi har ein viktig jobb å vere med å påverke i den nye strukturen inn mot leiinga i Hordaland. I fellesskap er det jo vi som skal byggje det nye politidistriktet. Eg skal jobbe beinhardt og lokalt for det som er bestemt politisk, seier han.