Hopp til innhold

Meiner kutt kan bety slutten for pelsdyrnæringa

Det lukkast ikkje for Norges bondelag å få inn att 17 millionar kroner til fraktstøtte for pelsdyrnæringa i avtalen som no er inngått med regjeringa. Det er som å få ein knyttneve i magen, meiner lokal bondelagsleiar.

Anders Felde

KRITISK: Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag er svært kritisk til at det ikkje lukkast å få inn att støtte til transport av pelsdyrfôr.

Foto: Bård Siem / NRK

Fredag ettermiddag blei det klart at Norges bondelag og staten var samde om ein ny avtale for jordbruket med ein vekst på 400 millionar kroner.

Men samstundes måtte bondelaget sjå slaget om transportstøtte til pelsdyrfôr som tapt. Tillitsvalde i bondelaget frå pelsdyrområde har kjempa hardt for å få regjeringa til å snu.

– Det største skåret i gleda, og som er ein knyttneve i magen, i alle fall for min del, er at ein ikkje har fått gjort noko med fraktstøtta for pelsdyrnæringa. Det er eit stort nederlag for meg, for vi har jobba hardt for å få det til. Det er nok den tyngste saka å svelge, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, til NRK.

Vanskeleg politisk situasjon

– Var det politisk umogleg å få inn att i budsjettet fraktstøtte for pelsdyr?

– Eg trur nok det er den politiske situasjonen som gjer at det var mogleg å få til. No må vi berre oppmode pelsdyroppdrettarane i heile Norge om å lage eit spleiselag, slik at det går an å drive med pelsdyr i distrikta framleis. Det er ei utfordring som no fell på næringa aleine, seier Felde.

Sylvi Listhaug

NØGDE: Lars Petter Bartnes (Norges bondelag), Sylvi Listhaug (statsråd, Frp) og Leif Forsell, staten sin forhandlingsleiar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Etter Frp sitt ønskje

Pelsdyrnæringa har vore svært omstridd dei siste åra, men regjeringa har slege fast at næringa skal få lov å halde fram. Men no blir det utan fraktstøtte på 17,8 millionar kroner årleg.

– Vi får til eit kutt i fraktstøtta til pelsdyrfôr, som Frp har jobba for i mange år, og som regjeringa stiller seg bak, sa landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) då partane møtte pressa etter at avtalen var klar.

– Alvorleg nederlag

Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag fryktar at dette vedtaket skal bli eit siste skot for baugen for ei alt hardt pressa pelsdyrnæring.

– Det er i alle fall eit alvorleg nederlag. Dei har vore jaga i fleire år av ulike organisasjonar, dei er slitne og dei er leie. Så får dei også denne i magen av regjeringa. Det trur eg er dropen for ein del. Det er faktisk ganske alvorleg for dei som menneske. Dette er inga god sak.