Hopp til innhold

Meiner kritikk mot 22. juli-utstilling er grunnlaus

Fleire har vore kritiske til at gjenstandar til Anders Behring Breivik vert utstilt på Informasjonssenteret for 22. juli. Kolbein Fridtun, som sjølv mista dottera si på Utøya, er sterkt usamd.

Kolbein Fridtun

VIKTIG: Kolbein Fridtun mista sjølv dottera Hanne Kristine på Utøya. Han meiner det er viktig for ettertida at alle detaljar kjem med.

Foto: Benedikte Fjelly / NRK

– Eg meiner det er viktig at det blir stilt ut. Den kritikken som kjem no, meiner eg er heilt grunnlaus, seier Fridtun.

I morgon er det fire år sidan han og kona Eva mista dottera Hanne Kristine. Ho døydde på Utøya 19 år gammal.

I føremiddag får pårørande vitje Informasjonssenteret etter 22. juli som ligg i Høyblokka i regjeringskvartalet i Oslo. Senteret opnar offisielt i morgon.

Er viktig for etterlatne

I utstillinga finn ein gjenstandar, bilete og Twitter-meldingar, og ein får følgje tidslinja frå Breivik parkerte bilen utanfor Høgblokka til han vart arrestert på Utøya mange timar seinare.

Einskilde har vore kritiske til at utstillinga også rommar restane av bombebilen, ID-kortet til Anders Behring Breivik, samt anna utstyr han brukte. Men Fridtun meiner det er viktig, spesielt for etterlatne, at historia om det som skjedde, vert formidla vidare.

– Vi skal vite kva som skjedde den dagen. For min del kan eg seie at ein heil del som gjekk meg hus forbi den dagen, fordi tankane mine var ein heilt annan plass. Så for meg er det viktig å få med meg detaljar. Det trur eg også det er for andre, seier Fridtun.

Dei som kjem etter må få vite

Han peikar på at det er viktig at dette er eit senter der til dømes skuleklassar kan få informasjon om 22. juli-hendinga.

– Alle som kjem etter oss skal få vite korleis historia eigentleg var. Då er det viktig å ha med alt som skjedde denne dagen, seier Fridtun.

I morgon er det fire år sidan 77 personar vart drepne av Anders Behring Breivik, og det er planlagt fleire minnemarkeringar rundt om i landet.

Ekteparet Fridtun skal saman med fleire etterlatne vere med på minnemarkeringa på Utøya onsdag. Sjølv om det er krevjande å vere tilbake der dottera deira mista livet, finn han også trøyst der.

– Det er godt å vere der, rusle rundt og gå nedom pumpehuset der Hanne Kristine døydde, samt gå på minnestaden og treffe andre, seier Fridtun.