Hopp til innhold

Meiner Hemsedal står sterkt

OSLO (NRK) – I Sogn og Fjordane kjempar vi for at Hemsedal skal bli valt som ein av dei to stamvegtraseane, seier Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Bjørn Lødemel

TRUR PÅ HEMSEDAL: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) gir ikkje opp håpet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fredag føremiddag vart det kjent at regjeringa har bestemt at E134 over Haukeli skal vere den eine av to hovudvegar mellom aust og vest. Avgjerda om kva som skal bli den andre stamvegen av riksveg sju over Hardangervidda og riksveg 52 Hemsedalsfjellet er utsett.

– Av og til kan det vere lurt å skunde seg sakte, og det er det statsråden legg opp til her, at han ynskjer å gå nokre rundar til. Då blir det og lettare å akseptere dei vedtaka som blir gjort, seier Lødemel.

Krevjande sak

I Hordaland jobbar sterke krefter for at regjeringa skal velje Hardangervidda-alternativet. Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp) frå Austevoll, meiner utsettinga er godt nytt for alle som ynskjer Hardangervidda som ein av hovudvegane mellom aust og vest.

– Det er den kortaste vegen mellom Bergen og austlandsområdet, seier Njåstad til NRK.

Lødemel på si side meiner dei faglege tilrådingane som er lagde fram, talar for Hemsedal.

– Så må vi har forståing at det er mykje kjensler i sving i Hordaland. Dei tapte jo i forhold til Filefjell sist, så det er ei krevjande sak. Men eg meiner Hemsedal er det beste, der det vil vere ei veldig bra løsying for å kome seg vidare både med bru Manheller – Fodnes og riksveg fem til Skei, seier Lødemel.

Budd på tøff kamp

– Vi må no sko oss til ein hard kamp inn mot Nasjonal transportplan, der vi har mange viktige vegprosjekt som skal realiserast.

– Korleis vil du føre den kampen for ikkje gå på eit tap?

– Det blir ein kamp, noko vi og har vore med på tidlegare. Vi må kjempe inn mot dei som skal ta avgjerda, men også samle støtte til riksveg 52. Eg heiar på Hemsedal, sjølvsagt gjer eg det, seier Lødemel.