Hopp til innhold

Meiner forsikringsselskapa halar ut tida for at skadde skal gå lei

I fire år har nakkeskadde Ann Kristin Takle Winterthun kjempa mot forsikringsselskapet. Ho er ikkje åleine om den tøffe kampen.

I løpet av brøkdelen av eit sekund fekk sangaren livet snudd på hovudet.
Nesten fire år seinare kjempar ho ein tung kamp mot forsikringsselskapet sitt. Ho krev å få dekka utgifter til advokat og reiser til behandling. (NB: Viktig at den siste setninga er med sidan det ikkje er med i saka).
Og ho er ikkje åleine om å stange hovudet mot veggen i årevis.

TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Rune Fossum. Foto: Lote / Farstad. Redigering: Steinar Lote.

Totalt har fleire hundre nakkeskadar blitt advokatmat. Leiar i Landsforeininga for nakkeskadde, Jon Birger Eldevik, brukte elleve år og to rettssaker på å få det han hadde krav på.

– Vi tykkjer det er eit kalkulert spel. Selskapa veit at mange ikkje orkar kampen. Det slit veldig å vere skadd, og endå meir å kjempe mot forsikringsselskap, som tilsynelatande skulle vere ei sikring, seier Eldevik.

Fire år med smerter

Songar Ann Kristin Takle Winthertun fekk livet snudd på hovudet på få sekund. Då ho sat klar til å synge på eit arrangement, kom ein planke frå taket susande og trefte ho i hovudet. Fire år med smerter i hovud og nakke har følgd.

I dag greier ho ikkje å jobbe meir enn to timar, to dagar i veka. Ho er tilvist til ein fysioterapeut i Bergen som ho meiner gir gode resultat, men dei fire turane i månaden kostar firebarnsmora 8000 kroner.

– Difor har eg avslutta behandlinga. Eg får berre ta nest beste behandling. Eg må leve med at dette er ein lang kamp, seier Winthertun.

Forsikringsselskapet vil ikkje dekke reiser til behandlingane eller advokatutgiftene.

– Dei halar det ut. Det er slitsamt og utmattande. Eg fryktar eg blir sittande utan å kome nokon veg. Eg har lyst til å jobbe og fungere slik eg ein gong gjorde.

Video Plankefall på kystmuseet i Florø

PLANKE I HOVUDET: Slik såg det ut då planken losna frå veggen og trefte Winterthun.

– Ikkje sant at selskap halar ut tida

Fungerande kommunikasjonsdirektør i KLP, Linda Nilsen Methi, meiner saker med nakke-, rygg- og skulderlidingar tek tid fordi dei er medisinsk kompliserte.

– Ein veit ikkje umiddelbart kor langvarig og alvorleg slike skader er. Då må ein ta tida til hjelp, og sjå korleis det utviklar seg medisinsk. Det er ofte opp til eitt års ventetid i spesialisthelsetenesta.

– Fleire advokatar og landsforeininga for nakkeskadde meiner at forsikringsselskap bevisst halar ut tida for at folk skal gå lei?

– Det er ikkje sant. Vi har ei eigeninteresse i at skadeoppgjer skal gå effektivt og smidig for dei involverte. Det er ei ulempe og fordyrande for selskapa når ting tek tid. Vi gjer det absolutt ikkje med vilje. Tvert imot, vi er veldig opptekne av løysingar for folk, seier Nilsen Methi.