Hopp til innhold

Meiner brannane er påsette - ber publikum om tips

Politiet meiner bilbrannane i Førde i helga er påsette. Dei ber publikum om hjelp til å spore opp dei som står bak eldspåsetjinga.

Jan Egil Tvinde

ETTERFORSKAR: Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, meiner brannane i helga er påsette.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Etter to netter på rad med bilbrannar, meiner politiet at dei har med ein eldspåsetjar å gjere. Begge brannane starta i 02-03-tida.

– Ut frå dei funn og opplysningar vi har skaffa oss no, så har vi grunn til å tru at ein eller fleire personar har tent på desse bilane, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

– Ganske spesielt

Brannen spreidde seg frå ein bil to andre bilar parkerte like ved.

BRANN: Natt til Fredag brann tre bilar ved Hornnes.

Foto: Tore Sørbø

Tre bilar vart natt til laurdag totalskadde i då det byrja å brenne i ein bil ved Hornnes. Den etterfølgjande natta brann tre nye bilar. Denne gong ved Skaratunet i Vieåsen.

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, uttala då at han ikkje hadde opplevd liknande brannar. Han meinte bilane vart mistenkjeleg fort overtente.

– Eg har ikkje opplevd slike brannar i mine 20 år i brannkorpset. Og så får vi to slike på to dagar. Det er ganske spesielt, sa han til NRK.no.

– Vi treng hjelp

Tvinde seier at han ikkje ser bort frå at brannane har starta av seg sjølv, men seier funn tyder på at dei er pårende.

Lensmannen seier dei framleis jobbar med å få oppklara korleis brannane har starta.

– Vi har ikkje teke nokon endå, og treng hjelp for å spore opp kven som har gjort dette. Ut frå dette ber vi folk vere ekstra merksame på folk på parkeringsplassar, fellesareal i burettslag, så vi får kransa inn desse personane, seier lensmannen.

Ukjent motiv

– Har folk grunn for å vere redde for at ein eller fleire pyromanar går lause?

Brann Førde

BILBRANN: Natt til laurdag vart fire bilar totalskadde i ein brann i Vieåsen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Vi har ikkje oversikt over kven som har gjort dette, og om det vil bli tent på att eller om det no er stopp, kan vi ikkje seie noko om. Motivet for brannane blir berre spekulasjonar.

– Alle må vere merksame på parkeringsplassane, så vil vi nok saman kunne få stogga dette, held Tvinde fram og oppmodar alle som har vore ute i dei aktuelle områda om å melde seg.

– Vi ber om at alle som har vore i Vieåsen natt til søndag mellom 02 og 03, og i Hornnesvegen natt til laurdag mellom 02 og 03, om å ta kontakt. Vi ynskjer det for å få kartlagt kven som har vore der, seier han.