Hopp til innhold

Meieriet utan skjenkeløyve

Studenthuset Meieriet i Sogndal får ikkje servere alkohol til gjestane i juli månad.

Eit samrøystes forvaltningsutval har vedteke å inndra skjenkeløyvet, skriv Sogn Avis .

Bakgrunnen er at det i ein rapport blir avdekka ei rekke brot på alkohollova under ein russefest på studenthuset i april.

Dagleg leiar på Meieriet, Simon Krosby er svært skuffa over vedtaket, og meiner rapporten frå skjenkekontrolløren er subjektiv og full av feil.