Hopp til innhold

Fann rusa mann i berre undertøyet

Fest og rus førte til at politiet hadde litt å hengje fingrane i natt til søndag.

Politibil
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Allereie i 22.30-tida måtte politiet ta hand om ein rusa mann som ikkje hadde anna enn undertøy på i Måløy sentrum i 22.30-tida laurdag kveld. Mannen vart køyrd heim.

Klokka 01.12 fekk politiet melding om feststøy i Florø som forstyrra natteroa for naboane. Politiet drog til staden og bad dei festande om å roe seg ned.

Klokka 01.59 fekk politiet melding om ein hissig person ved ein utestad i Florø. Då politiet kom til staden hadde ting roa seg.

Klokka 03.30 måtte politiet ta hand om ein overstadig rusa mann i 40-åra på Grodås i Hornindal. Mannen vart køyrd til Sunnmøre, der han høyrde heime.