Hopp til innhold

Måtte flytte kamp på grunn av snø

Snø i låglandet skaper trøbbel for fotballaget Tornado Måløy i Vågsøy.

Snø på Måløy stadion

IKKJE SPELBAR: Snøen har lava ned og lagt seg som eit teppe på grasmatta.

Foto: Privat

Snøen har lava ned fleire stader i Sogn og Fjordan i dag. Ikkje alle stader har den lagt seg, men det har den altså gjort i Måløy.

I dag skulle Tornado Måløy spelt 3. divisjonskampen mot Voss på Måløy stadion. Men slik gjekk det ikkje. Snøen har lagt seg som eit tjukt, kvitt teppe på grasmatta.

– Klokka 13 bestemte vi oss for å flytte kampen til Refvik stadion. Der er det ikkje snø no, seier TMFK-trenar Jon Georg Rutledal.

Årsaka til flyttinga er først og fremst tryggleiken til spelarane.

– Det er for risikabelt å spele i Måløy, sjølv om noko av snøen skulle forsvinne til kampstart. Det blir så glatt på bana, seier han.

Stadion ved Refviksanden ligg heilt ute ved havet, berre eit kvarter unna Måløy. Men flyttinga fører til ekstra trøbbel for heimelaget. Det er mykje utstyr som må flyttast og det medfører ekstra arbeid.

– Det blir litt styr med dette her. Det var ikkje akkurat venta snø i mai.

Avspark blir til oppsett tid klokka 16. No håper trenaren på siger mot Voss.

– Tre poeng hadde smakt godt i dag, seier han.

Fredag vann Florø mot Sotra i 4. runde i serien. I dag møtast Vik - Saga, Førde - Radøy/Manger, Stryn - Årdal og Torndao Måløy - Sotra. Søndag er det klart for Fyllingsdalen 2 - Eid.