Hopp til innhold

Måtte evakuere midt i stormen

Livredde innbyggjarar på Nordfjordeid måtte flykte då vassmassane i natt slo 70 meter inn over land. Fleire familiar måtte evakuere medan det storma som verst.

Det var eit skrekkeleg syn som møtte innbyggjarane på Nordfjordeid måndag. Då dagslyset kom kunne folk endeleg sjå dei enorme øydelegginga etter at ekstremvêret ”Dagmar” hadde fått herja frå seg i natt.

Sentrum av Nordfjordeid ser ut som eit katastrofeområde etter at bølgjene frå fjorden slo nesten 70 meter innover land. I natt var dei fleire familiar som frykta for livet då husa deira vart omringa av frådande vassmassar.

– Det var heilt ekstremt. Når vatnet først byrja stige kom det veldig fort. Det var som å stå inne i ein foss, fortel Ernst Husevåg.

– Vi stod der hjelpelause

Då ekstremvêret ”Dagmar” slo inn over Nordfjord søndag kveld, var det med enorme krefter. Bølgjene slo langt inn over land og vassmassane bana seg veg langt inn i sentrum. Kvartalet Hola ligg fleire titals meter unna fjorden, men likevel vart innbyggjarane her brått råka av dei frådande vassmassane.

I eit vanvittig uvêr, med springflo og orkan i kasta såg Ernst Husevåg brått at bølgjene kasta seg mot husveggane der sonen bur saman med kona og fire små gutar.

– Vassmassane stod langt opp etter veggane, og det var fare for at dei skulle komme inn i huset. Vi stod der hjelpelause og visste ikkje kva vi skulle gjere, fortel Husevåg.

– Vi prøvde å ringe naudetatane, men dekninga var jo vekke, så vi fekk ikkje tak i dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vassmassane slo fleire titals meter inn over sentrumsgatene i Eid

LANGT INN: Vassmassane slo fleire titals meter inn over sentrumsgatene i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Måtte evakuere gjennom vindauge

Etter kvart fekk han heldigvis kontakt med politiet, som sendte brannvesenet til hjelp. Gjennom eit vindauge måtte brannvesenet hjelpe dei fire små gutane, og foreldra ut.

– Eg hadde veldig angst. Du har jo opplevd litt forskjellig med stormar og slikt, men i natt var eg redd, seier Husevåg.

– På nabohuset tok det fyr i sikringsskapet. Der stod vatnet ein god halvmeter opp etter veggen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Husevåg og kona Marit Løvold

SKREMMANDE: Det var ei skremmande oppleving for Rune Husevåg og kona Marit Løvold då dei i natt måtte evakuere frå huset sit saman med dei fire gutane sine.

Foto: Øystein Torheim

– Vatnet steig ein halvmeter på fem minutt

I heile nabolaget rådde det totalt kaos. I huset like ved bur Jacob Henden og Aud Tveit Henden. Dei opplevde at bølgjene slo inn husdøra som ligg eit heilt kvartal unna sjøkanten. Det einaste dei kunne gjere var å evakuere.

– Det kom så fort, det berre rasa inn her, seier Henden og får støtte frå mannen.

– Ifrå vatnet kom over dørterskelen til det var over 40 centimeter med vatn inne, gjekk det ikkje meir enn fem minutt, seier Henden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Henden og Aud Tveit Henden

FORT: Jacob Henden og kona Aud Tveit Henden måtte evakuere i natt då vatnet kom inn døra.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Har aldri opplevd liknande

Uvêret sine herjingar i natt har sett sine svært tydelege spor på sentrum av Nordfjordeid. Tang og tare ligg langt inn i gatene, det same gjer rekved og anna vrakgodt. Også fleire båtar er knuste til pinnevev.

Store delar av Nordfjord er framleis utan straum, nesten heile distriktet manglar mobil, fasttelefon og breiband. Hans Petter Vereide i teknisk etat i Eid kommune seier han aldri har opplevd noko liknande.

– Det er frykteleg, rett og slett. Sjøen gjekk langt opp i sentrum, og båtane kom seglande. Det var farleg å vere her, seier Vereide.