– Det er farleg for sjøfarande når slike ting er på rek. Det kan vere tungt, og dersom det set seg i propellar på mindre fartøy, så er det heilt klart ein risiko, seier skipssjef, Jon Skålheim på KV Tor.
Kystvakta vart laurdag ettermiddag varsla om eit blåskjelanlegg på rek i Sognefjorden, og taua det til land på Nessane. Mykje tyder på at det er eit anlegg som har slite seg.
- LES OGSÅ:
Ingen har meldt seg som eigar av anlegget
– Det er ikkje så ofte slike anlegg er på drift, men nokre anlegg går konkurs og blir berre ståande og rotne. Ingen tek hand om det, så slit det seg og kjem avvegar. Det er truleg det som har skjedd her, meiner Skålheim.
Blåskjelanlegg har fleire blåser som ligg på vassoverflata, med strengar og tau som går under overflata. Der festar blåskjela seg på og blir klare for hausting. Dersom anlegga blir ståande utan å bli hausta kan det rotne, men vekta av anlegget kan også gjere at det søkk til botnen.
- LES OGSÅ:
Søndag føremiddag har heller ikkje politiet fått kontakt med eigar av anlegget. Saka blir no følgd opp av Fiskeridirektoratet. Det ligg framleis restar av anlegget ved utløpet av Aurlandsfjorden.
– Vi har sikra ferdselen i leia, det er vår oppgåve. No er det eit forureiningsproblem, og derfor er Fiskeridirektoratet kopla inn. Oppryddingsansvaret er tredelt mellom eigar, stat og kommune, seier skipssjefen.