Hopp til innhold

Matkassene skremmer ikkje matbutikkane

Middag på døra blir meir og meir populært, men lokale daglegvarekjedar er ikkje bekymra.

MINDRE IMPULSKJØP

POPULÆRT: Matkasseleveringa held fram med å auke.

Foto: Anne Cecilie Remen / NRK

Matkassene har innteke landet i rekordfart dei siste åra. Både dei større aktørane og dei lokale småskalaleverandørane held fram med å auke. Her i fylket leverer både Adams matkasse og Godt levert. Sistnemnde begynte for berre to veker sidan.

– Fleire og fleire innser kor viktig middagen er som samlingsstund for familien, i tillegg til at folk set stor pris på å sleppe å planlegge middag frå dag til dag, seier Maren Aas Nakken som er marknadsansvarleg hjå Godt levert.

Bjarte Espeland har vore butikksjef på Coop Mega i Førde fram til i haust. Han er ikkje bekymra for at matbutikkane vil lide.

– Det er kjekt å gå i butikken. Du får inspirasjon, slår av ein prat med naboen og ser nye varer. Viss denne utviklinga held fram sit jo alle berre heime i si eiga stove, seier han.

Les også: Schibsted inn i matmarkedet

400 kundar på to veker

Etterspurnaden i Sogn og Fjordane har vist seg å vere stor.

– Det er allereie over 400 familiar i Sogn og Fjordane som vil ha matkasser frå oss, seier Aas Nakken.

Dei leverer no til Kaupanger, Sogndal, Øvre Årdal, Årdalstangen, Lærdal, Aurland, Naustdal, Eikefjord, Førde og Florø.

Ho meiner grunnen til auka er at middag på døra har blitt stovereint.

– Fleire og fleire ser kor lurt og nyttig dette er. Målet er å kunne levere til heile landet.

Matkasse frå Godt levert

LETTVINT: Familiar over heile landet har fått opp auga for å få middag på døra.

Foto: Godt levert

Les også: – Må velge mellom å spare tid eller penger

Glad for konkurranse

Kim Arne Hammerstad er informasjonsansvarleg hjå Adams matkasse. Han let seg ikkje skremme av konkurrerande aktørar.

– Konkurranse er heilt topp. Det skjerpar oss, og vi arbeider stadig med å levere eit så godt produkt som mogleg. Slik håpar vi jo at kundane vil bli hjå oss, seier han.

Her i fylket er det mange som nyttar seg av leveringane deira.

– Vi har eit par hundre leveringar i veka i Sogn og Fjordane, hovudsakleg i Florø og Førde. Sogndal blir neste, sidan mange der har meldt interesse.

Han er glad folk ser verdien av ferdigsydde middagar.

– Middagen har blitt eit offer for tidsklemma i norske familiar, samstundes som at det har blitt stor bevisstheit på eit sunt kosthald. Matkassene gjer kvardagen enklare.

Les også: – Vi slepp å gå på butikken og handle middag, og så skal vi ete det vi får!

Bjarte Espeland

IKKJE REDD: Avtroppande butikksjef på Coop Mega i Førde, Bjarte Espeland.

– Ein får ikkje alt ein treng

På Coop Mega i Førde har dei ikkje merka noko til den aukande leveringa av middag på døra.

– Vi har ikkje sett noko utslag på kundekretsen. Det er sjølvsagt tidsklemma som skapar dette behovet, men ein kan jo gjere innkjøp ei gong i veka på ein matbutikk òg, seier Espeland.

Han håpar og trur at folk vil halde fram med å kome seg ut av huset for å handle mat.

Det er butikkleiar på SPAR Eikefjord, Eli Havn, samd i. Heller ikkje ho er bekymra for at matkassene skal gå matbutikkane i næringa.

– Eg trur ikkje det kjem til å øydeleggje for oss, men tida må vise. Det er litt tidleg å sei noko konkret om det enno.

Men ho er sikker på at behovet for ein fysisk butikk vil bestå.

– Ein får ikkje alt det ein treng til heimen i desse kassene, og det ein manglar handlar ein på butikken. Slik trur eg det vil halde fram med å vere.