Hopp til innhold

Mathias (18) fekk ingen draumedebut

Søndag morgon fekk Mathias Dyngeland beskjed om å vakte buret mot Stabæk. No har 18-åringen ingen planer om å la Erik Dahlin overta rolla som burvaktar i Sogndal.

Mathias Dyngeland

DEBUTERTE: Mathias Dyngeland debuterte mellom stengene for Sogndal. Det vart tremålstap, utan at 18-åringen kunne lastast for det.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal tapte 0-3 for nyopprykka , og nedrykksdømde, Stabæk på Nadderud.

Med andre ord ingen draumedebut for Mathias Dyngeland og dei fire andre eliteseriedebutantane til Sogndal.

– Det var veldig gøy før kampen, og eigentleg under kampen også. Men det er ikkje gøy å hente tre ballar ut av nettet til slutt. Men slik er fotballen. Vi taper og vinn, det er oppturar og nedturar. I dag var vi ikkje gode nok, seier 18-åringen etter kampen.

Rutine på benken

Sogndal-trenar Jonas Olsson fann plass til heile fem debutantar i startoppstillinga. For fire av desse, nemnde Dyngeland, Petter Strand, Hjortur Logi Valgardsson og Tim Nilsen vart det første møte med norsk eliteseriefotball. Etter kvilen entra også Kristian Fardal Opseth bana.

På benken starta mellom andre Mahatma Otoo, Rune Bolseth, Eirik Skaasheim, Ørjan Hopen og Erik Dahlin.

Laster innhold, vennligst vent..

Sistnemnde var fast sisteskanse i fjor, men blir lova tøff kamp om plassen frå Dyngeland.

– Eg skal gjere alt eg kan for å spele kampane vidare i sesongen, men så kjem det heilt an på korleis ein presterer gjennom treningsveka. Eg trur veldig jamt og vippar, seier 18-åringen.

Jamn keeperkamp

Erik Dahlin

BENKA: Erik Dahlin måtte følgje seriepremiera frå benken.

Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

Dahlin har ikkje vist seg som den solide sisteskansen som forgjengarane i Terje Skjeldestad, Piotr Leciejewski og Kenneth Udjus var. I fjor måtte han tole mykje kritikk for «billege baklengsmål».

Trenar Jonas Olsson seier det er jamn kamp om keeperplassen.

– Eg tykkjer Mathias har vore hakket kvassare enn Erik no. Han er nummer ein i dag, så får vi sjå kven som er kvassast neste helg, seier trenar Olsson og siktar til oppgjeret mot Sarpsborg 08, som blir årets første heimekamp.

Sjanselaus på måla

På Nadderud kunne ikkje Dyngeland, som nyleg signerte ny kontrakt med Sogndal, gjort mykje med sesongens tre første baklengsmål.

– Eg lot det ikkje prege meg, og prøvde å kommunisere for å halde både meg og laget oppe. Men det er klart, det hadde vore utruleg bra om eg hadde tatt skota, gliser den tidlegare Fana-spelaren og vedgår det ikkje vart noko draumedebut.

– Det var likevel veldig kjekt. Det er framleis tidleg, men også ekstremt viktig og få kamptrening på høgt nivå for å bli så god som mogleg. Eg skal bere ta tilliten og stå på vidare og utvikle meg som keeper og person, seier den aldersfastlagde landslagskeeperen.

Olsson angrar ikkje

Jonas Olsson

NØGD: Jonas Olsson sleppte til fem eliteseriedebutantar mot Stabæk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Trenar Olsson angrar ikkje på at han sleppte til mange debutantar i seriepremiera mot Stabæk. Han trur ikkje bruk av Bolseth, Otoo eller Dahlin hadde gjeve eit anna resultat.

– Om ein ikkje kan satse på dei unge, og ta ut det laget som har størst sjanse til å vinne kampen, så kan ein ikkje halde fram med dette. Bolseth har vore gjennom ein lang skadeperiode og var ikkje 100 prosent. Vi har fleire med småskader og sparte bevisst på eit bytte, men det hadde vore rart å sett han innpå på 3-0, seier Olsson.

– Og ingen av debutantane gjorde seg vekk?

– Nei. Mathias kunne ikkje lastast for måla, og Petter Strand gjorde ein veldig god jobb.