Hopp til innhold

Matchvinnaren: – Sogndal, eg er lei meg!

SOGNDAL - HØNEFOSS (1-2): Malick Mane scora begge måla som sende sogningane på hovudet ut av cupen. Men etterpå var han ikkje berre glad.

Malick Mane dempa jubelen etter scoringane

DEMPA JUBEL: Malick Mane markerte tydeleg at han ikkje berre var glad for å score mot gamleklubben. Scoringane hans sende Sogndal ut av cupen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg er sjølvsagt nøgd med kampen og min eigen innsats. Men eg er lei meg også, seier Malick Mane.

Spissen var i Sogndal frå 2012 til 2014, då han vart seld til IFK Göteborg. På 59 kampar i den svarte og kvite drakta scora han 16 mål i eliteserien, og vart ein favoritt på Fosshaugane.

Og det er som kjent av sine eigne ein skal ha det:

  • Eit langt framspel ramla etter 59 minutt ned i beina til Malick Mane, som enkelt finta bort Christophe Psyche og plasserte ballen forbi keeper. 0-1.
  • To minutt seinare. Eit innlegg frå høgre fann Malick Mane, som hadde ein enkel jobb med å setje ballen i mål. 0-2.

– Det er jobben min å score mål for Hønefoss no. Men eg er lei meg også. Eg fekk så mykje hjelp og støtte her i Sogndal, forklarer senegalesaren.

Christophe Psyche scorar mot Hønefoss

MÅL, MEN...: Christophe Psyche raga høgast på ein corner og reduserte for Sogndal, men heimelaget klarte aldri å score nok mål til å hente opp att Hønefoss si leiing.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Skuffa over energilaust spel

Dei to måla kom meir eller mindre ut av det blå. For det var Sogndal som styrte kampen, sjølv om dei ikkje skapte veldig mykje framfor mål. Først med berre ti minutt igjen å spele, klarte Cristophe Psyche å redusere på ein corner.

Det var ein svært skuffa Eirik Bakke som møtte pressa ein time etter kampslutt.

– Vi slepp inn billege og rotete mål. Då blir det tøft å ta dei att. Vi hadde stang ut i dag, seier trenaren.

– Er de nok på tå hev?

– Det er vanskeleg å møte lag som ligg med elleve mann på eigen 16-meter. Eg kan forstå at dei gjer det slik, men vi fekk ikkje til spelet vårt. Det heile var energilaust, seier Bakke.

Han legg til:

– Vi veit at det kjem slike kampar. Då må vi klare å halde nullen, seier han.

Bjørn Inge Utvik og Christophe Psyche i duell mot Hønefoss

DUELLAR: Bjørn Inge Utvik og Christophe Psyche går i ein tøff duell innei feltet.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det var ingen av oss som ville vinne

Ein av dei første spelarane som kom ut av garderoben var Cristophe Psyche, som var involvert i alle dei tre måla - både som målscorar og i det som svikta defensivt.

– Det første målet er min feil. Ballen spratt framfor meg, og eg trudde keeper skulle komme ut. Då greidde Mane å smette mellom. Eg tek den på mi kappe, seier midtstopparen.

Han er tydeleg skuffa over at Sogndal sleppte inn to billege mål.

– Dei hadde to sjansar, kanskje eigentleg berre ein – og så scorar dei to mål, sukkar han.

– Det var akkurat som om ingen av oss ville vinne kampen. Men no må vi berre gløyme dette og finne tilbake til oss sjølve slik vi var før dette, seier Psyche.

Hadde håp om å komme langt i cupen

Eirik Bakke understrekar at det er ekstra kjipt å ryke ut av cupen no, når det er så mange lag frå eliteserien som har blitt slegne ut. Og ikkje minst når motstanden var heilt overkommeleg.

– Det er kjedeleg. Vi hadde som mål å gå vidare, og eg trur vi kunne ha komme langt i år. Så no er eg skuffa, men vi må gløyme dette - det er ein ny kamp på søndag, seier han.

– Då må vi opp mange hakk, seier trenaren.