Hopp til innhold

Marte (16) følger i onkelens fotspor - vann «Tullenprisen»

FØRDE (NRK): Marte Bjelde Hjelmhaug (16) er årets vinnar av «Tullenprisen» for 2015, og går då i fotspora til onkelen Ole Hjelmhaug som fekk tildelt prisen før Marte var født – i 1993.

Marte Bjelde Hjelmhaug

DIPLOM OG PENGAR: Vinnaren av «Tullenprisen» får ein sjekk på 4000 kroner og eit stort diplom som ein kan pryda veggen med.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Han sende meg ein tekstmelding der han gratulerte og sa at no har vi begge vunne prisen. Det er litt ekstra stas det, seier Marte Bjelde Hjelmhaug.

«Tullenprisen» er rentene av eit fond som Rolf «Tullen» Seljeseth frå Florø oppretta. Prisen vert delt ut dei åra det er verdige kandidatar og vert tildelt den guten eller jenta som har utmerkt seg på krinslaget i inneverande sesong.

Måtte google kva det var

16-åringen vart medlem av ein eksklusiv klubb av spelarar som har vunne prisen. Tidlegare har spelarar som Tommy Øren, Per Egil Flo og Elise Thorsnes fått utmerkinga sidan den vart oppretta i 1988.

– Eg hadde ikkje forventa å vinne denne prisen. Då eg fekk beskjeden var eg usikker på kva det eigentleg var, så eg måtte søke det opp. Det er heilt fantastisk å ha fått den, seier ho.

I tillegg til eit stort diplom fekk ho og 4000 kroner i premie.

– Det skal eg bruka på utstyr og reisekostnadar, fortel Bjelde Hjelmhaug.

Edwin Hjelmhaug Rita Bjelde, Marte Bjelde Hjelmhaug

STOLTE FORELDRE: Edwin Hjelmhaug og Rita Bjelde var stolte foreldre på bakarste rad då dottera Marte Bjelde Hjelmhaug (16) fekk delt ut «Tullenprisen». – Vi er utruleg stolte og hadde ikkje forventa at ho skulle vinne prisen, seier mor Rita.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Gjennombrotsåret

I fjor spelte Bjelde Hjelmhaug på Sogndal og var ikkje med på regionale samlingar for ungdomslangslaget.

No, eitt år etter er situasjonen ein heilt annan. Venstrebacken melde overgang til Kaupanger tidlegare i år, med ei målsetning om å etablere seg på laget innan to år.

Sidan overgangen har ho spelt fast på Kaupanger og blitt tatt ut og spelt fem kampar for J17-landslaget.

– I fjor haust hadde eg to val. Eg kunne legge meg ned og grine over at eg ikkje var med på regionssamling med landslaget eller brette opp erme og trena hardt. Eg gjorde det siste, seier Bjelde Hjelmhaug om kva som har ført til utviklinga.

Ole Hjelmhaug

MED BAKKA: Ole Hjelmhaug har fleire sesongar som spelar bak seg i Sogndal, og fekk debuten saman med blant anna Eirik Bakke i 1993. Hjelmhaug har den siste tida vore assistenttrenar i Bryne.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ønska av andre klubbar

Etter å ha imponert på klubb- og landslag, med blant anna ei banas beste notering i sist kamp mot Nederland har fleire toppklubbar fått auga opp for 16-åringen.

– Målet for neste sesong er å hjelpe Kaupanger til opprykk frå andredivisjon og etablere seg på landslaget, seier Bjelde Hjelmhaug.

Kva klubbar er det som har vist interesse for deg?

– Det vil eg halde for meg sjølv, men målet er å spele på eit høgare nivå og flytta på meg.