Hopp til innhold

Tok endeleg NM-gull: «Det er uverkeleg. Dette har vore ein draum veldig lenge»

JESSHEIM (NRK.no): Marius Vedvik tok fredag gull på 5000-meter under NM på Jessheim. Det er berre tre år sidan han fekk ideen om å satse...

Marius Vedvik vinn spurtduellen på 5000 meter og vinne NM-gull på Jessheim i 2014.

VINN SPURTEN: Sjå Marius Vedvik spurte inn til sitt første NM-gull. Foto: Rune Fossum

Førdianaren, som spring for Gular, vann spurtduellen mot Sondre Nordstad Moen, og klokka inn til tida 14.16,34.

Med det sikra han seg sin aller første NM-tittel.

– Eg har teke gull i junior-NM, men eg har ikkje fått det til i senior-NM før. Så dette var veldig deilig. Og så er det ein fin revansj frå EM, der eg ikkje fekk ut potensialet, seier Vedvik til NRK.no.

– Kva gjekk gjennom hovudet ditt då du gjekk først i mål?

– Det er uverkeleg. Det har vore ein draum for meg veldig lenge. Det klaffa ikkje i 2012 og 2013, men no klaffa det. Herleg, jublar han.

Hadde sett for seg siste to rundane

5000-meteren opna overraskande roleg, der mellom andre langrennsløparen Anders Aukland sette sitt preg på løpet med å liggje i front.

Så drog Ørjan Grønnevig opp farta og fekk ei luke. Men det var berre inntil Vedvik og Sondre Nordstad Moen henta han inn og overtok initiativet i løpet.

Og til slutt var det Vedvik som trekte det lengste strået - og parkerte Nordstad Moen, som vart nummer ni i årets EM.

– Det vart akkurat slik eg hadde sett det for meg på dei siste to rundane, seier Vedvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marius Vedvik tok gull i NM

NØGD: - Det er uverkeleg. Eg har brote ein barriere, konstaterer Marius Vedvik.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ikkje mange års satsing før NM-gullet

Pussig nok er det berre tre år sidan Gular-løparen bestemte seg for å satse for fullt. Inntil då spelte han fotball og handball, i tillegg til å gå på ski.

Han har med andre ord opplevd ei rivande utvikling.

– Ja, det har gått fort. Veldig fort. Men eg har trent mykje, og no fekk eg løn for strevet, seier Vedvik.