Hopp til innhold

Margot såg ulv like ved hytta

Dyret luska rundt berre 10 meter frå hytteveggen i Dalelia i Hyen. Margot Gjengedal er heilt sikker på at det var ulv.

Margot Gjengedal

ULV LIKE VED: Margot Gjengedal (78) fortel at ho såg ulven i om lag to minutt. Ei stund var han berre 10 meter frå hytta i Dalelia i Hyen.

Foto: Privat

Då Margot Gjengedal (78) var oppe på do i 04-tida natt til 26. juni, oppdaga ho at noko bevega seg utanfor hytta i Dalelia i Hyen. Etter å ha gått bort til vindauget, såg ho etter kvart det vandrande dyret på berre ti meters avstand.

– Det var eit lagt grått dyr som eg trudde var ein rein. Men då dyret løfta på hovudet såg eg at det ikkje var noko rein. Det var i staden ein stor ulv.

– Kor langt var han frå hytta?

– I starten var han om lag 30 meter frå hytta, men etter kvart var han berre ti meter vekke.

Såg dyret eit par minutt

Gjengedal er heilt sikker på at det var ulv ho såg.

– Eg er hundre prosent sikker på at eg såg ulv.

– Det kan ikkje ha vore ein hund?

– Det er ingen hundar som ser slik ut. Eg har mange gonger sett ulv på fjernsyn og er heilt sikker på at det var ulv. Han rusla roleg rundt, men så høyrde han truleg at eg røyrde på meg inne i hytta. Då snudde han hovudet og såg mot hytta før han stakk. Eg tippar eg såg ulven eit par minutt, seier ho.

Berre 20 meter frå hytteveggen i Dalelia i Hyen, såg Margot Gjengedal ulv

Ifølgje Margot Gjengedal vandra ulven forbi den store steinen til venstre på bildet.

Foto: Privat

På leit etter reinsdyr

Gjengedal fortel at ho såg tre reinsdyr i området tidlegare på dagen, og trur ulven var i området av den grunn. Ho fortel at ulven var mager og at han truleg har behov for mat. Gjengedal meiner ulven ikkje høyrer heime på Vestlandet.

– Bøndene sender i desse dagar sauene sine på beite og då får ulven ete seg mett, sukkar ho.

– Bør ulven skytast?

– Ja, denne type rovdyr kan ikkje vere saman med sauer. Jegerar som kjem over ulven bør få lov å skyte, seier ho.

Ulven i Naustdal

SKOTEN I NAUSTDAL: Denne ulven vart skoten i fjellheimen i Naustdal i desember i fjor. No kan det vere at det igjen må skytast ulv i fylket.

Foto: Elias Engevik / NRK

Fann ikkje spor

Jakob Rønnekleiv, som går jaktoppsyn for grunneigarar i området, oppsøkte Margot Gjengedal på hytta dagen etter.

– Det var så tørt i området at det ikkje var noko spor å sjå, seier han.

– Trur du det var ulv Margot Gjengedal såg?

– Det var ein påliteleg observasjon ho gjorde. Mange andre har også observert ulv i distriktet. Det skal mykje til at alle har teke feil, seier han.

– Bør ulven skytast?

– Det blir ikkje gjeve fellingsløyve før ulven byrjar å drepe sauer. Vi må berre vente og sjå kva som skjer, seier Rønnekleiv.