Hopp til innhold

Leitemannskap fann vêrfast turgåar

Mannskap frå Røde Kors kom i ettermiddag fram til mannen som hadde gått seg vêrfast i området rundt fjellet Gjegnen i Bremanger.

Gjegnen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Klokka halv tre natt til i dag fekk politiet melding om at mannen i 50-åra hadde søkt ly på grunn av det kraftige uvêret "Lena"som herja i natt. Redningsheliopteret i Florø blei kalla ut, men vinden gjorde at dei førebels ikkje kan lette.

– Mannskap frå Røde Kors har no fått fysisk kontakt med mannen. Mannen oppheld seg på kring 1000 meter over havet i området ved fjellet Gjegnen, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge.

Mannen er våt og kald, og hadde gått langt då han måtte søkje ly for vêret. Men politiet har hatt jamnleg kontakt med mannen på telefon, opplyser Hauge.

– Han får no tørre, varme klede og mat. Hjelpemannskapa vil eskortere han ned att til bilvegen, opplyser politiet.

Vinden i området har vore for sterk til at redningshelikopteret kunne rykkje ut.