Hopp til innhold

Mann i 30-åra sikta etter mordbrannparagrafen

Ein mann i 30-åra er sikta etter mordbrannparagrafen etter branntillaupet i Florø i helga. Han blir i dag framstilt for varetektsfengsling.

Brann bål utanfor hus

BÅL: Den sikta mannen i 30-åra tende på eit bål tett inntil husveggen.

Foto: Truls Kleiven

Politiet meiner mannen prøvde å setje fyr på bustaden ved å tenne på bål inntil husveggen natt til laurdag.

Det seiv røyk inn i huset og fire personar vart evakuerte. Ingen vart skadde.

– Vedkommande er sikta for brot på Straffelova paragraf 148, eldspåsetjing, der menneskeliv lett kunne gått tapt, eller omfattande øydelegging på eigedom, seier politiadvokat Inger Beth Fosse hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ber om to veker

Inger Beth Fosse

AKTOR: Politiadvokat Inger Beth Fosse.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var i 02-tida at naudetatane rykte ut til bustaden i Florø. Brannen vart sløkt etter kort tid, utan at det byrja å brenne i bordkledningen på huset. Ein person vart sett til av lege på staden.

Bebuarane kunne ta i bruk at leilegheitene etter at huset var undersøkt av røykdykkarar.

– Vi ber Fjordane tingrett om ein varetektsperiode på to veker på grunn av fare for at bevis kan bli øydelagde, seier Fosse.

Prøvde å sløkkje

Den sikta mannen i 30-åra har ikkje godteke å bli varetektsfengsla. Han skal sjølv ha tilknyting til huset. Forsvarar Stig Nybø meiner politiet vil fengsle klienten hans ut frå indisiar.

– Han seier han ikkje har gjort dette, men tvert imot prøvd å sløkkje det, seier Nybø. Den sikta mannen seier han har ei meining om kven som står bak eldspåsetjinga. Sjølv om det kan styrke saka hans, vil han ikkje namngje personen overfor politiet.

– Det er andre forhold som spelar inn. Han har ikkje moglegheit til det.

Kasta hammar

Politiadvokat Fosse vil av omsyn til etterforskinga ikkje gå i detalj i saka og vil heller ikkje seie kva mannen har forklart til politiet.

– I tillegg har vi teke ut sikting for brot på Straffelovas paragraf 127, vald mot offentleg tenestemann. Vi mistenkjer at han kasta hammar på ein tenestemann under pågriping, seier Fosse.

Polititenestemannen skal ikkje ha blitt skadd av hammaren.

– Hammaren landa ved sidan av politimannen, og det var ikkje min klient sine tankar å kaste hammaren, seier forsvarar Nybø.